Nesten heile teamet i WeissTech AS samlet på kontoret i Vang. Frå venstre bak: Jan Egil Jægersborg og Philip Andreas Aspholt-Weisser. Frå venstre foran: Vegard Hammerstad og Magne Grihamar.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv WeissTech satsar større i Valdres

WeissTech satsar større i Valdres

13. juni 2022
WeissTech AS har på få år blitt eit velkjent selskap i heile Noreg. No statsar dei endå større og ynskjer å byggje ein bunnsolid bedrift i Valdres.

- Etter utviklinga dei siste åra har Weisstech på mange måtar no kome til eit veiskille, og me ynskjer å utvide ytterlegare og satse endå større, seier Philip Andreas Aspholt-Weisser, gründer og operativ leiar i WeissTech AS. 

Teknologiselskapet har dei siste åra hatt ein enorm vekst, og berre frå 2020 til 2021 har dei hatt ein firedobling i inntekt, i tillegg lander dei i tida fremover fleire store avtaler. Det er difor god grobunn for å både utvide og byggje vidare på eit så lokalt forankra firma. 

- For å satse større treng me fleire ressurssterke og flinke ansatte med på laget, det gjer at me blir betre rusta for framtida og kan få ein ordentleg markedsandel. I tillegg har me eit stort ynskje om å byggje ein bunnsolid bedrift her i Valdres, og har eit mål om å få tre nye ansatte her i løpet av eitt år, seier Vegard Hammerstad, dagleg leiar i WeissTech. 

 

Koronaårene vart døropnar 

I motsetning til veldig mange andre bedrifter under korona, opplevde WeissTech at fleire dører opna seg og at bedriften fekk ein skikkeleg oppsving. 

- Det fyrste halvåret var for oss som for alle andre tungt, og me måtte permittere fleire ansatte over ein periode. Så begynte ballen sakte, men sikkert å rulle igjen etterkvart, seier Aspholt-Weisser. 

Han fortel at helsesektoren vart nødt til å tenke annleis og at markedet vart tvungen inn i ei digitalisering. Og frå krisetenking til løsningsorientering, vart Omhu ein god hjelpar på vegen. 

- Fleire såg nok nytta av at ting var meir effektivt og at ein kunne bruke meir tid på det som var viktigst der og då. Så, for oss var koronaåra ein oppsving og ein stor døropnar vidare, seier Hammerstad. 

- Me merkar også at kundene våre er flinkare på det digitale, og at det no er lettare å formidle verktøyet vårt til dei det er aktuelt for, legg han til.  

 

Landa avtale med heimkommuna

Ein av dei nye kundane hjå Omhu er heimkommuna der det heile starta, Vang. Etter seks år har dei no endeleg signert avtale saman og ser fram til eit spennande samarbeid. 

- Det er stort og veldig stas. Kanskje ekstra stas fordi det er Vang og heimkommuna vår, seier Aspholt-Weisser. 

Vang er den fjerde av seks Valdreskommuner som signerer avtale med Weisstech og dermed benytter seg av tenesten Omhu. 

- Ein av fordelene med at nettopp Vang signerer avtale med oss, er at det er særdeles kort veg mellom dei som kunde og oss som leverandør. Det gjer absolutt dialog og samarbeid enklare, smiler Hammerstad. 

- I tillegg dannes det jo eit stort fagleg nettverk når fleire er med i Omhu. Det er absolutt eit kjempeløft for alle Valdreskommunene, legg Aspholt-Weisser til.

- Me gleder oss veldig til å samarbeide med Vang og dei andre Valdreskommunene i tida framover, smiler han.

 

Vil byggje bunnsolid i Valdres 

Med stor vekst og stor etterspurnad, er det naturleg for Weisstech å sjå framover med fleire, dyktige ansatte på laget. Kontoradressa er lokalisert i Vang, men WeissTech har også ansatte med kontorlokaler på Fagernes.

- Per dags dato er me kun Vangsgjeldinger i bedriften, eg trur ikkje me skal sette det som eit hardbarka kriteriet framover, sjølv om det er veldig morosamt akkurat no, ler den operative leiaren. 

- Likevel er det jo slik at både eg og Vegard er store Valdrespatriotar, og oppriktig har eit ynskje om å holde bedriften her. Me ser kun fordelar ved å byggje opp WeissTech i Valdres, smiler han. 

Han fortel at dei har møtt stor velvilje i dalføret med å satse i distriktet, og det er eit stort ynskje å kunne bidra til fleire arbeidsplassar. 

- Valdriser er gode ansatte å ha med på laget, de er både dyktige og trofaste. Samtidig kan det hende vi må utenfor dalføret for å finne nøyaktig den kompetansen me er på utkikk etter, det vet me jo ikkje. Det aller viktigaste er at me finn folk som passar inn i WeissTech, smiler Hammerstad. 

Både Philip og Vegard har stor tru på framtidas WeissTech i Valdres. 

- Om 5 år håper me å ha 30 ansatte, hvorav 25 av dei gjerne sitt i Valdres. Me treng dyktige og fagleg sterke folk med på laget vidare, i takt med at Omhu utvikler seg og stadig blir betre, seier ein engasjert Aspholt-Weisser.

 

- Ein merkbar forskjell 

Ein av dei som er med på WeissTech-eventyret er Jan Egil Jægersborg. Han har jobba i firmaet i 3 år og er teknisk leiar for Omhu, og utdanna dataingeniør frå NTNU. 

- Ein av dei tinga eg synes har vore aller mest motiverande og verdifullt er når me har vært på besøk hjå kundar som benyttar seg av Omhu, og at ein ser at det i praksis fungerar, smiler Jægersborg. 

- I tillegg er Valdres så lite at det blir ein merkbar forskjell. Ein merker at det ein held på med, faktisk utgjer ein stor forskjell, og det er utruleg fint å tenkje på og jobber for, legg han til. 

Jægersborg fortel at det er bra at WeissTech satsar større og rekrutterer fleire dyktige folk inn på teamet. 

- Det er jo kanskje ein av styrkene våres, at me alle sitt på forskjellig kunnskap, og dermed har evnen til å sjå ting frå fleire perspektiv. Så at me får fleire kunnskapsrike folk med på laget, er berre ein fordel og veldig artig, smiler Jægersborg. 

- Og ein unik moglegheit til å flytte tilbake til Vang, eller til Vang. Eg hadde nok aldri sett for meg at eg skulle få bu her, samstundes som eg fekk jobbe med fagfeltet mitt. Det synes eg rimelig kult, ler han. 

 

- Utruleg givande å sjå fagleg blomstring

Ann Iren Moen er det nyaste tilskuddet i WeissTech og er ansett som kundeansvarleg. Ho er utdanna helsefagarbeider og har lang erfaring frå miljøtenesta i Vang, noko som absolutt er ein stor fordel når ein skal forstå behova for dei ulike kundane til Omhu. 

- Eg drar absolutt god nytte av å ha jobbet i miljøtenesta som helsefagarnbeider i mange år. Når eg møter nye kunder og skal lære dei opp, føler me nok begge på ein felles forståelse og at me snakker samme språk. Eg er jo vant til å yte omsorg som helsefagarbeider, no yter eg omsorg på ein anna måte, smiler Moen. 

Som kundeansvarleg i WeissTech har Ann Iren ansvar for kundepleie, kursing og opplæring i bruken av Omhu.

- Kanskje det eg likar aller best med denne jobben er å sjå kundane våre blomstre faglig, bli inspirert og motivert til å jobbe sammen. Heile laget blir med og engasjerer seg, og får ny giv i jobben. Det er utruleg meiningsfullt og givande, og eg blir veldig glad når eg har vore ute og kurset nye kunder, seier Moen.  

- Ein anna ting eg er glad for, er at me er så nærme og tett på kunden. Eg har fått mange nye venner i fagmiljøet etter at eg byrja i Omhu, smiler ho. 

Moen fortel om eit godt team i WeissTech og at alle dei ansatte utfyller kvarandre og samarbeider på veldig godt vis. 

- Eg føler meg veldig heldig som får lov til å vera ein del av dette teamet og få jobbe med så flinke folk. Dette er ein utruleg givande, motiverande og spennande jobb. Ein heilt perfekt jobb for meg, seier ho. 

 

WeissTech AS rekrutterer no stort og lyser ut heile tre nye stillingar!