Marte Tangen ved Vang Frivilligsentral, Bertine Fretheim Neverdal og Miranda Bossers ved Vang læringssenter.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ynskjer frivillige Vangsgjeldinger

Ynskjer frivillige Vangsgjeldinger

19. april 2022
Vang kommune har sagt ja til å busette 15 flyktningar innan kort tid. No treng læringssenteret og frivilligsentralen ei hjelpande hånd frå Vangsgjeldingane.

- Me lever i ei relativt uviss framtid og veit eigentleg ikkje når desse 15 flyktningane skal busettes. Det kan vera om ein måned eller seks. Difor forsøker me å vera så forberedt som mogleg, seier leiar ved Vang læringssenter, Bertine Fretheim Neverdal. 

På sikt skal det busettast 35 000 flyktningar i Noreg, og Vang kommune har i fyrste omgang sagt ja til å busette 15 innan kort tid, dette kan vera både ukrainske og andre flyktningar.

Desse blir innbyggjarar på lik linje med alle andre som bur i bygda, og det er viktig at dei - som absolutt alle andre, blir godt tatt imot og tatt vare på.

Dei skal ikkje bu på akuttmottaket, men i eigne hus eller leiligheiter, som læringsenteret har ansvar for å skaffe. Dei skal følgje introduksjonsprogrammet på læringssenteret med norsk- og samfunnsfagundervisning, med sikte på å kunne kome ut i arbeidslivet.

- Allereie har me sett eit fantastisk stort engasjement frå heile bygda med tanke på både innsamlingsaksjonar, få mottaket klart og sjølvsagt dei som ynskjer å leige ut boligane sine. Det er ingen tvil om at Vang engasjerer seg, og det sett me utruleg stor pris på, smiler Fretheim Neverdal. 

Ynskjer ei hjelpande hand 

Ettersom det er uvisst når flyktningane som skal busettes kjem til Vang, er det ein fordel for læringssenteret å ha så mykje som mogleg klart. Difor har dei i fyrste omgang vore på søken etter bustader til leige. 

- Fleire har allereie vore i kontakt med uss med ynskje om å leige ut, og det er heit supert. Fortsatt er me på utkikk etter fleire bustader, gjerne sentrumsnære, slik at det er kort veg til kommunale tenester, seier Fretheim Neverdal. 

Etterkvart trengs og hjelp til å få desse boligane klare til innflytting. Alt frå malingsstrøk og møblering, til hjelp med innflytting og det å komma på plass. 

- Me veit jo ikkje heilt kva dei har frå før og kva dei treng, men truleg trengs både kleder, diverse utsyr og kanskje møbler til bustadene. Dette vil me komma nærmare inn på etterkvart når me får betre oversikt, seier leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen. 

Ho fortel at fleire allereie har ytra ynskje om å få bidra og vera til hjelp, noko som er utruleg positivt. 

- Dei som ynskjer å vera frivillige må gjerne melde seg til Frivilligsentralen, slik at me får ein god oversikt. Då kan me etter kvart delegere litt oppgåver når me veit meir, seier Tangen. 

- Det er viktig at me tek vare på våre medborgere og våre nye naboer. Nokre gonger får me naboer som treng litt ekstra støtte, og då er det viktig at me gjer dei det, smiler ho. 

 

Ynskjer du å strekkje ut ei hjelpande hand i tida som kjem? Då kan du ta kontakt med Marte Tangen ved Vang Frivilligsentral på frivilligsentralen@vang.kommune.no