Olav Øraker har i lag med kona Elisabeth bygd opp YX Ryfoss som solid bedrift og samlingsplass dei siste tjue åra.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv YX Ryfoss ute for sal

YX Ryfoss ute for sal

11. mars 2021
Dei siste tjue åra har Olav og Elisabeth Øraker i lag med ein dedikert gjeng tilsette gjort YX Ryfoss til langt meir enn ein bensinstasjon. 
No er heile pakka ute for sal.

Samlingsplass, turistattraksjon, eteplass, dialektflaggskip og ein god motor i grendesentrumet Ryfoss er nokre av rollene stasjonen har i dag. 


– Trafikken er stigande og det er alle grunn til å tru at det held fram etter som vegen vert betre dei neste åra. Vi sel ful pakke med stasjon, bedrift og eigedom så her er det eigentleg berre å stelle seg i kassa og tene pengar frå fyrste dag, fortel Olav.

Meir om kvifor Olav og Elisabeht vel å selje no kan du lese på facebooksida til stasjonen. Elles har både Oppland Arbeiderblad og Avisa Valdres teke turen innom stasjonen etter at han vart lagt ut for sal.

Ingen dag er lik

I korte trekk handlar salet om at dei viktigaste måla for stasjonen er nådd for Olav og Elisabeth, kombinert med at dei ynskjer meir tid.

– Vi driv ein stasjon på Fagernes som også ser god auke i trafikken. Der bør vi vera meir til stade. Samstundes lokkar både andre prosjekt og meir fleksibel fritid, fortel Øraker.

Olav er tydeleg på at det har vore ei fantastisk reise å utvikle stasjonen dei siste tjue åra og at han unner den som til slutt tek over alt godt.

– Ingen dag er lik eller keimsam når ein driv stasjon. Du trur kanskje du skal jobbe døgnet rundt, men sånn er det ikkje. Her er både dyktige tilsette og lojale kundar. Vi håpar stemninga på stasjonen lev vidare samstundes som nye eigarar formar den til sitt prosjekt, avsluttar Olav.