Reportasje

Kristoffer og Helge Kvame er namn som kling godt i lag med fjellhistoria i Vang.  Fyrstnemnde dreiv som reinseigar og hotellvert på Eidsbugarden frå 1906, sonen Helge tok over i 1937 og dreiv hotellet fram til 1974.

Han me skal omtale her, har desse fjellpionerane som far og bestefar, men kom sjølv til å velja ein litt annan veg i yrkeslivet. Fjellet har han likevel hatt ein spesiell omsut for i drifta av Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap, JVB. Som dagleg leiar i selskapet driftar Kristoffer Kvame mellom anna ein motorbåt på Bygdin, 1060 moh., og 12 snowmobilar innover i fjellheimen på vinterstid.

JVB

– Du kan nok ikkje gå lenger tilbake enn til 1950-talet med mi fjellhistorie, seier Kristoffer.

Me møter han på eit romsleg kontor i andre høgda på Fagernes skysstasjon. Her styrer han den daglege drifta i Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap, noko han har gjort sidan 1990.

Fartstida til Kristoffer i JVB strekkjer seg tilbake til 1970, då begynte han som inspektør i selskapet som bestefar hans var med og drog i gang i 1919. Faren Helge var styreformann i 36 år (1946–1982). Om det ikkje vart hotellspora Kristoffer kom til å gå i, var slektsarven med i rikeleg mon i val av yrkesveg.

Barne- og ungdomsår

– Eg er fødd i 1947 og levde mykje av dei fyrste åra i lag med mor og far på hotellet på Eidsbugarden. Me var der oppe både sumar og vinter, syster mi og eg hadde endå ei eiga guvernante som lærarinne. Men i 1955 var det vel, flytte me ned til Lomen og begynte på folkeskulen der. Foreldra våre var framleis mest på Eidsbugarden, men ho Oddbjørg Noranger som guvernanta heitte, tok seg av oss.

I helger og alle feriar gjekk turen stort sett til Eidsbugarden, minnest Kristoffer.

– Ja, me hadde herlege dagar her inne som barn og ungdom. Det var mykje liv inne i fjellet då. Dei fleste eg hugsar, var frå Vang, seier han, og ramsar opp namn som Leif Ebbesvik, Sverre Kvam, Håkon Kvam, Andris Neshagen og Karl Åstad.

– Fram til eg drog i militæret i 1966, var Eidsbugarden plassen når me hadde fri frå skulen.

Nils Rogn

Skribent, bonde og postkortsamlar Nils Rogn har teke ein grundig prat med Kristoffer Kvame for magasinet Tyin–Filefjell. 

Kristoffer Kvame

Fødd: 1947

Son av to generasjonar hoteleigarar på Eidsbugarden.

Arbeidar som disponent i Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB)

Brenn for Eidsbugarden og transport inn i fjellheimen. 

Yrkesvalet

Etter militærtenesta var Kristoffer innom både Highland hotell på Geilo, Golå hotell og Tyin hotell. Erfaringar frå hotelldrift hadde han med andre ord gjort seg då han starta i JVB. Etter tre–fire år her nærma tida seg for at foreldra hans ville trappe ned, og han måtte ta eit val.

– Det var aldri nokon stor diskusjon om dette med mor og far. Dei skjønte at tidene var i ferd med å endre seg. Livet som nærmast heilårs fjellhotellvert på Eidsbugarden, der vêr og vind baud på store transportutfordringar vinterstid, var lite å trakte etter for ein ungdom.

Bestefar Kristoffer

Her kan det vera på sin plass å stoppe litt opp og gå godt og vel hundre år attende i tid. I 1906 kjøpte Kristoffer Kvame, bestefar til dagens Kristoffer, Eidsbugarden fjelleigedom. Han hadde drive med tamrein i 10–12 år, og då Thomas Heftye ville selja eigedomen, slo han til. Han behøvde dei vel 100 000 måla som hamn for tamreinflokken sin. Hjelp til kjøpet fekk han av den rike slaktaren Einar Andersen frå Kristiania.

Med denne handelen vart det slutt på reinsgjeting for Kristoffer, og sjølv om han var reinseigar resten av livet, var det som hotellvert på Eidsbugarden han la ned innsatsen. Hotellet vart utbygt og forbetra år for år, og i 1909 var han vertskap for kong Haakon 7., dronning Maud og prins Olav. Same året vart han eineeigar av eigedomen, som han og kona Inga dreiv fram til 1936. Sonen Helge tok over frå 1937.

Far Helge

Som far sin var Helge ein føregangsmann i utviklinga av turisttrafikken innover fjellet. Tilkomsten til Eidsbugarden var vanskeleg vinterstid, men frå 1929 var hotellet opent i påska. Me skjønar at det måtte vera strevsamt å få frakta inn proviant og utstyr, men den tida var det mykje mannskap å setja i aktivitet. Dessutan vart det nytta hest med truger på høvene, og reinsbukkar fekk visstnok også prøve seg som trekkdyr.

Likevel vart dette for tungvint, og i 1934 fekk Helge Kvame med seg fenrik Henry Jansen ved flybataljonen på Kjeller til å utvikle ein såkalla flyslede. Farkosten hadde  propell framme og ski under. Fram mot krigen vart  det utvikla fire modellar. Den fyrste frakta berre utstyr og mat, men året etter kom modell nummer to, med ein flymotor på 185 hk og ei kryssfinerkasse som romma sju passasjerar. Turen frå Tyin og innover vart no nærmast berre ein leik, og modell tre som kom i 1937, brukte berre 13 minutt på strekninga frå Tyin til Tyinholmen! Opp på Skineggen var det heller ikkje problem å koma.

Snøbilar

Det som kunne vorte ei lysande framtid for transport i fjellområda, vart stoppa av krigsutbrotet. Men etter krigen kom beltebilane for fullt, og dei har vore der sidan.  Her koplar me oss inn att på disponenten i JVB som er den som styrer vintertrafikken innover til Tyinholmen, Eidsbugarden og Bygdin no til dags.

– Så lenge folk nyttar oss, held me det gåande med snowmobilane våre. For nokre år sidan truga den private skutertransporten grunnlaget for ruta, men eit stort engasjement frå hyttefolket innpå Eidsbugarden blant anna gjorde til at me heldt fram, seier Kristoffer Kvame.

– Det kostar å halde 12 snowmobilar i teknisk stand. I tillegg må me ha ei løypemaskin til å preparere traseane, og me har også ein snowtrack. Det er Bombardier i Canada som har levert snowmobilane. Kvar tek 14 passasjerar pluss bagasje. På normalt vinterføre tek turen inn til Eidsbugarden 40 minutt, fortel Kvame.  Utanom påska blir turane køyrde på bestilling.

MB Bitihorn

Vore i drift på Bygdin sidan 1912. 

Nord–Europas høgast liggjande båtrute. 

Fraktar ca. 10 000 personar årleg. 

I rute frå ca. 1. juli – 1. september kvart år.

Bitihorn - hundreåring på Bygdin

Når me er inne på transport i fjellheimen, kjem me ikkje utanom båtruta på Bygdin. Motorbåten Bitihorn har vore i drift i 102 år og er eit unikt og eksotisk transportmiddel.

– JVB har hatt ansvaret for båtrutene både på Bygdin og Tyin sidan 1944, fortel Kristoffer. - På Tyin opphøyrde trafikken med båten Jøtul i 1955 då vegen inn til Tyinholmen var ferdig, men Bitihorn trafikkerer på Bygdin den dag i dag.

Kvame underslær ikkje at det har vore ein del utfordringar med denne båtruta.

– Ja, etter Sleipner-ulykka nord for Haugesund i 1999 kom det ei rekkje krav slik at båten måtte gjennom ei omfattande ombygging. Årlege skipskontrollar og ein større kontroll kvart femte år gjer at me i etterpåklokskapens lys ser at me kanskje burde ha skaffa oss ein nyare og raskare båt framfor å bygge om Bitihorn, meiner han.

– De er med andre ord på utkikk etter ny båt? – Vel, me får beskjed om det blir aktuelle båtar på sal, svarar Kvame underfundig. – Men, legg han til, denne dama vår (Bitihorn) er jo frå 1912 og brukar ein time og tre kvarter frå Bygdin til Eidsbugarden. Det er lang tid, særleg i ruskut vêr, og me burde vore nede på ein times overfart, meiner Kristoffer. Sikkert er det i alle fall at båtruta er populær, og  godvêrssumaren i år har så langt ført til 12 prosent auke frå i fjor.

– Men sesongen er kort, 72 dagar, og det er ikkje alle dagar at me har 98 passasjerar på kvar avgang som båten kan ta, avsluttar Kristoffer.

Avkopling i fjellet

Då er det tid for å høyre litt om fjellkaren Kristoffer.

– Me har sjølvsagt hytte på Eidsbugarden, og der er me mykje. Mest om sumaren, men det blir også turar inn på vinteren. Det er eit flott terreng både for skigåing og fotturar, men eg har eit avslappa forhold til både høgde og lengde på turane.  Hytta ligg i Mjølkedølafeltet, og nedved Bygdin har me eit båtnaust. Du veit, det er mykje fin fisk i fjorden, smiler han. Mest blir det no fiska med net, men i ungdomsåra treivst Kristoffer godt med fiskestonga.

Om Kristoffer Kvame har opplevd ei rivande utvikling innpå Eidsbugarden i si levetid så langt, er han sikker på at utviklinga ikkje vil stoppe her.

– Det er eit generasjonsskifte på gang no, der det er nye krav til standard på hyttene. Folk vil ha straum og vatn, og det er viktig at kommunen er med og legg til rette for dette. Alle som ynskjer det, bør få heve standarden på hytta si, meiner han.

Han er også oppglødd over at hotellet no har fått ein ny entusiastisk drivar som vil satse på den tradisjonsrike turiststaden.

– Elles er det alltid hyggeleg å koma inn til Solbjørg på Fondsbu. Her har det vore stabil og god drift lenge, og DNT-hytta er eit samlingspunkt for hyttefolket.

Vinjerock

Til slutt lurer me på korleis det er med rockeinteressa hans.

– Vinjerock er eit konsept som har treft – også meg – det skapar blest, og det er flott å sjå så mykje ungdom som vil oppleva fjellet. Men spørsmålet er om terrenget toler så mykje trafikk kvart år. Det er eit sårbart og tøft klima som treng tid for å fjerne spor. Når det er sagt, vil eg rose arrangøren for at dei ryddar svært godt opp etter seg og held miljøfanen høgt.

Som ansvarleg transportør av publikum må eg også rose Statens vegvesen som stiller opp og legg til rette for at dei 14 bussane våre kan køyre i skytteltrafikk utan store problem. Men me tek berre 45 passasjerar i slengen, og dei nærmare 2000 flotte fjellungdommane som skal ut på søndagen, må vera tolmodige. Og det er dei, konstaterer Kristoffer.

Familiemannen

Dette året kan Kristoffer slutte seg til dei som kallar seg pensjonistar, han rundar 67 år.

– Eg kjem nok ikkje til å bråslutte i JVB når eg går laus på mitt sekstiåttande år, seier han. - Så lenge eg har glede av arbeidet og føler at eg framleis kan bidra til utvikling av selskapet, vil du nok finne meg i aktivitet her. Men mange år blir det likevel ikkje, nokon sjuande far i huset har eg ikkje tenkt å bli. Utfordringa etter yrkeslivet blir å finne noko å fylle dagane med. Eg har ikkje hatt tid til å finne meg nokon hobby, seier han.

Men som bestefar til fire kan tida vera inne for å gjera meir ut av den rolla enn tida til no har tillate.

– Ja, eg gifte meg med Merete i 1974, og me har tre born: Helge som er fødd i 1976, Kristine i 1978 og Magnus i 1982. Fire barnebarn har det blitt, og det er ei stor gåve. Elles gler det meg at både Helge og Magnus  er med og fører familietradisjonane vidare. Dei er båe tilsette i JVB, Helge som driftssjef, medan Magnus er kaptein på Bitihorn om sumaren og har hand om beltebilane vinterstid. Kristine har utdanna seg som jurist og er busett på Dokka.

Med desse orda tek me farvel med ein sprek og vital 66-åring, som tydeleg har hatt godt av oppvekst og liv i Vangsfjella!