Framsida Arbeid og bustad Arbeid i Vang Bedrifter i Vang Vang arbeidssenter as (1)

Vang arbeidssenter as

Vang Arbeidssenter drivast i tett samarbeid med Vang kommune, og er ei avdeling av Valdres Arbeidssenter AS. Dette er igjen eit dotterselskap av Valdres Kompetansevekst AS, som eigast av Oppland fylkeskommune og alle valdreskommunane.

Selskapet er godkjent for å administrere arbeidsmarknadstiltaka VTA (varig tilrettelagt arbeid). I tillegg kan dei tilby anna type praksis og arbeidsevnevurdering etter behov. Selskapet sitt primære mål er å tilby, heilt eller delvis, eit arbeidstilbod kor enkeltmennesket får prøvd ut, og utvikla si arbeidsevne og kompetanse i eit tilrettelagt og trygt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene for alle ansatte, er i tillegg til produksjon av varer, å yte service i ein eller anna form til kundar og andre samarbeidspartnare.

Arbeidssentra rundt omkring i Valdres leverer ulike produkt, men på Lund i Vang driv dei catering, gartneri og vedproduksjon.

Selskapets motto: "Tilbyr arbeid - yt service"

Andre bedrifter
Adresse
Lundsmarka
Heimeside