_DSC9618.jpg
Framsida Arbeid og bustad Hytte i Vang Vegen fram til hytte i Vang

Vegen fram til hytte i Vang

Hyttekommunen Vang har heile spekteret av hyttetomter, dyktige handverkarar, samt kommune og næringsliv på tilboddsida for hyttefolket. 

Med ein stadig betre E-16 gjennom kommunen er Vang hyttekommune for store delar av Sør-Noreg. 

Vestlendingane får dei bratte fjella kombinert med vide vidder og eit stabilt klima. Austlendingane kan velje mellom triveleg stølslandskap og ekte høgfjell, ein kombinasjon få andre fritidsområder kan matche. 

Samstundes er det skarpe skille mellom stølsområde, fritidsområde, grender og urørt natur - vi er fullt klar over at opplevingar i den storslåtte naturen vår er det som trekk dei aller fleste til Vang.

Tomtetilbod

Her på tomtesidane på vangivaldres.no ligg mange av områda for hytteutbygging i Vang. Du finn tomter tett på vatnet og høgt til fjells. Anten «ro», alpinanlegg, utsyn, langrennsløyper eller turstiar er avgjerande for deg, finn du det du leitar etter i Vang.

Entrepenør

Alle relevante byggjeaktørar i Vang er samla her på vangivaldres.no. Her kan finne totalentrepenørar eller du kan finne fram til dei leverandørane du treng for å realisere din hyttedraum.

Søknader

Frådeling, oppmåling, skjøte og anna syter avdeling for landbruk- og teknisk i Vang kommune for. Alt frå byggjeskikkrettleiar til søknadsskjema for byggjeløyve finn du også på Vang kommune sine heimesider. Her finn du også oversikt over tekniske tenester og anna relevant tenestetilbod for deg som hytte-eigar.

Kjøpe hytte

Med i overkant av 1700 hytter i Vang er det til ein kvar tid eit aktivt salgs-marknad for hytter. Det aller meste finn vegen til finn.no, her ligg også ofte tomter ute for sal. 

Hytteeigar og næringsutviklar i Vang

Dag Inge Bruflot
Dag Inge Bruflot

Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Oppsider ved hytteliv i Vang

Ekte høgfjell (Jotunheimen, Skarvheimen..), midt mellom Oslo/Bergen- aust/vest,, ingen eigedomskatt (0,-/året), Vinjerock, 200 km skiløyper, Tyin-Filefjell skisenter, Raudalen skisenter, Kongevegen over Filefjell, God tilgang på kvalitetsmat rett frå bonden, eteplassar av høg kvalitet, solide handverkarar og fleire som driv med hytteservice, levande stølsliv, variert fiske, tilgang på småviltjakt, heftige bomvegar, utallige fjellturar.