Du har få gode grunnar for å ikkje engasjere deg i minst eit av dei godt og vel 40 frivillige laga i Vang.
Idrett, kultur, landbruk, ungdom, song, musikk, dans, pensjonistar osb. Det meste er dekka godt opp av lagsfloraen i kommunen. Artig bruk av fritid og trygg innpass i eit sosialt nettverk er to av godane ved å engasjere seg i foreiningslivet.
Frivilligsentralen har ei oppdatert liste over lag og kontaktpersonar til ein kvar tid. Er det for eksempel eit lag eller ei foreining du meiner manglar i Vang? Start opp! Kontakt frivilligsentralen, så får du råd og støtte i oppstarten.
Vang frivilligsentral
Frivilligsentralen i kommunen er ein møteplass på tvers av bakgrunn og miljø, og formidlar kontakt mellom oss som bur her i Vang. Nokon treng hjelp, og mange ønskjer å hjelpe.
Kanskje du vil bruke meir tid i lag med andre, treffe nye menneske og setja idear ut i livet? Frivilligsentralen er staden for å realisere dette. Og betalinga er av det bra slaget - gleda over å hjelpe andre.
Frivilligsentralen i Vang er elles av det særs aktive slaget. Dei arrangerar alt frå «eventyrstund» og konsertar til debattar og samtalegrupper i samarbeid med biblioteket. I tillegg til å formidle frivilligheit i stor skala.
Vang folkebibliotek
Vang folkebibliotek er arena for mange arrangement og utstillingar gjennom året og ein viktig møteplass for mange frivillige lag i kommunen. Alt frå internasjonal kulturgruppe til lesesirkel og skrivegruppe møtast med jamne mellomrom her.
Du finn også bøker, aviser, spel, filmar, musikk, datamaskiner og god service på biblioteket.