DSC_0171.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Behov for bustader

Behov for bustader

09. februar 2016

Det er høgt trykk på bustadmarknaden i Vang om dagen og absolutt rett tid for å leige ut eller selje.

På det meste har det vore over ti bueiningar til utleige samstundes her på vangivaldres.no. No er vi nede i seks, og mykje av dette er hytter eller fjell-leilegheiter som ein kanskje lyt vera spesielt interessert for å busetje seg i.

– Du kan tene pengar, hjelpe folk med å kunne etablere seg i Vang, og skape meir liv i grenda. Det er med andre ord få grunnar til å ikkje leige ut hus, hybel eller leilegheit om ein har høve til det no, meiner Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Innovangsjon hjelper til

Å leige ut bustad via vangivaldres.no er gratis. Innovangsjon kan hjelpe til med å ta bilete om ein ynskjer det. Berre nokre timar etter at du har teke kontakt, kan bustaden liggje på nettsida.

– Du lyt sjølvsagt svare folk som er interessert og stå for det praktiske kring utleige sjølv. Men stort lettare enn dette vert det ikkje å koma i kontakt med aktuelle leigetakarar, meiner Rogn.

Kontakt Hallgrim Rogn i Innovangsjon (41222769 // hallgrim@vangivaldres.no) om du har noko å leige ut i Vang.

Jobbkampanjen er no er inne i si siste veke og mange på utkikk etter bustad i Vang tek kontakt med Innovangsjon. 

– Utleigemarknaden er på veg mot å verte støvsuga. No lyt vi ta eit felles løft for å ha fornuftige bustader å tilby folk som vil flytte til Vang, seier Rogn.

Bustadkartlegginga gjennomført av Innovangsjon for eit par år tilbake blir eit viktig verkty i jobben med å få bustader ut på marknaden no, men Rogn tykkjer det er aller best om folk som har noko å tilby sjølv tek kontakt. Han meiner det også kan vera eit godt høve for å selje bustad i Vang denne vinteren.

– Alt som går ut via eigedomsmeklarane legg vi og ut på vangivaldres.no, og vi har sett at fleire hus har fått kjøparar no etter nyttår. Om nokon vil selje bustad utan å gå via meglar, bidreg vi så godt vi kan med blest gjennom våre kanalar, fortel Rogn.