Fjellførar/guide, hotellpersonell og drivarar av to fjellstover er av moglegheitane for arbeid i Jotunheimen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 30 ledige jobbar

30 ledige jobbar i Vang

03. februar 2016

Kommune, næringsliv og Innovangsjon samarbeider om tidenes jobbkampanje i Vang. 

 Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er dei ledige stillingane
Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.

Her får alle barnehageplass umiddelbart og hausten 2016 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no

No er det tretti ledige stillingar i kommunen, noko som gjer at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang kan finne jobb i Vang. Snekker, tømrer, barnevernspedagog, miljøarbeidar, personleg assistent, rørleggar, fjellstuedriver, vernepleier, hotellpersonell, butikkmedarbeidar,assistent, kontorsjef, prosjektleder, pedagog og lærer er fagområda ein søker arbeidskraft innan no.