Konseptet med «open faglunsj» på Kontorfellesskapet 1724 vart innleia med foredrag om folkefinansiering.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Faglunsj

Folkefinansiering på faglunsj

11. november 2015

Folkefinansiering, eller «crowdfunding» var tema for open faglønsj på Kontorfellesskapet 1724 tysdag.

– I Noreg er ein så vant med å tenke bank eller Innovasjon Noreg i det eit prosjekt skal finansierast at ein fort gløymer moglegheitene som ligg i folkefinansiering, innleia Torill Bye Wilhelmsen sin timeslange lunsjprat med.

Folkefinansiering/crowdfunding er at ein legg produktet sitt ut på nett før det er laga og inviterer kven som helst til å vera med på finansieringa. Det kan både vera at ein kjøper produktet, at ein gjev bort pengar fordi ein vil støtte prosjektet, eller ein får eit eller anna tilbake for å støtte prosjektet. Til stades var bedrifter på Kontorfellesskapet 1724 og nokre gjester som var interessert i temaet. 



Nådd målet

Til dagleg driv Bye Wilhelmsen som gründertrener gjennom firmaet Fjellflyt som held til i Vågå. Tysdag hadde teke turen over frå Valdresflya for dele heilt ferske erfaringar med folkefinansiering. I arbeidet med prosjektplanleggjaren «Fokus» har ho på nokre dagar nådd finansieringsmålet.

 – Folkefinansieringen har gjeve meg økonomisk tryggleik til å trykke det opplaget eg treng for å få økonomi i prosjektet. Samstundes gjev det meg sjølvtillit å sjå responsen og alle som faktisk har kjøpt boka fordi dei har trua på konseptet, sa Bye Wilhelmsen.

Gjennom heile timen snakka ho engasjert om alle sider ved folkefinansiering. Kva for prosjekt passer? Korleis gjer ein det? Kva er krevjande? Kvifor gjere det?

– Det har vore mykje jobb for å køyre folkefinansieringskampanjen for min del, men det har heilt klart vore verdt det, konstaterte Bye Wilhelmsen.

Ho har lagt ut kampanjen sin på nettsaden crowdsupply.com. Andre plattformar er for eksempel kickstarter.com eller den norske bidra.no.

«Høge Sprang»–konsept

Open faglunsj er ein del av «Høge Sprang»-prosjektet der Ål og Vang om å løfte dei kreative næringane i Hallingdal og Valdres.

– Treff ikkje opplegget på eit heildagskurs er det særs dårleg butikk for ei bedrift å bruke ein arbeidsdag på det. Gjennom spissa tema i ein utvida lunsj legg vi terskelen lågt for å heve kompetansen til bedrifter, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn som følgjer opp prosjektet i Vang.

Til denne fyrste faglunsjen var fyrst og fremst næringsliv, bank og kommune i Vang invitert.