Vangsheimen ligg midt i Vang sentrum. Båe sjukepleiar/vernepleiarstillingane har dette som arbeidsstad.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fleire fulltidsstillingar

Fleire fulltidsstillingar i helsesektoren

10. januar 2017

Ei legestilling og to sjukepleiarstillingar på heiltid er no lyst ut i Vang, saman med fleire mindre stillingar innan helse- og miljøsektoren.

– Så vidt vi kan sjå er treng vi nye folk til kommunen for desse tre stillingane. Dette er eit godt høve for å teste ut Vang, fortel personalkonsulent i Vang kommune, Solfrid Jordalen.

Alle tre fulltidsstillingane er årsvikariat, noko som både gjev høve til eit uforpliktande prøveår, men som også betyr gode sjansar vidare arbeid etter at vikariatet går ut.



Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.

Her får alle barnehageplass umiddelbart og vinteren 2017 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har no eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no