Med variert arbeidskvardag og gode kollegaer er Vemund Hermunstad godt nøgd med lærlingtida hjå Elektromontasje AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Vemund Hermunstad, Elektromontasje AS

Lærling i Vang: Vemund Hermunstad, Elektromontasje AS

04. januar 2021

Vemund Hermunstad (21) frå Øye er godt i gang med fagprøva som elektrikar, og han er nøgd med både val av yrkesveg og buplass.

– Det var ikkje mange vekene ut i hybellivet før eg fann ut av eg ikkje er nokon bymann. Livet i Vang er fritt og fint og passar meg godt på alle måtar, fortel Vemund Hermunstad.

Akkurat no monterer han nettverk på brakkeriggen til Hæhre i Synshagen, som er sett opp i høve utbygginga i Kvamskleiva, og om få veker kan fagprøva vera i boks.

– Heile fagprøva er firedelt og vert gjennomført ved eit nybygg i Øye. Eg er i mål med planleggingsdelen og snart ferdig med praksisdelen. Då står det att dokumentasjon og ein teorieksamen, fortel Hermunstad. 

Vil ha det variert

Vegen fram til fagprøve byrjar med to år på elektronikk på vidaregåande, før han fekk lærlingplass hjå Elektromontasje AS som held til i Synshagen næringspark i Vang. 

– Det er mange luringar i bedrifta, så det vert akkurat passe mykje kødd i løpet av ein arbeidsdag. Totalt sett har lærlingtida vore konge på alle måtar. 

Då Vemund valte elektro på vidaregåande tenkte han det var ein trygg veg å gå der det alltid var jobb å få om han flytta på seg. No er ikkje planen å flytte noko særleg på seg, men arbeidsutsiktane ser han framleis lyst på.

– Eg treng variasjon i arbeidskvardagen og som elektrikar i Vang slepp du unna enorme prosjekt der du gjer det same dag ut og dag inn. Her kan du eksempelvis starte veka i eit fjøs, før du er innom både små og store byggeprosjekt i tillegg til småjobbar på eksisterande hus og hytter ut over i veka. 

Eigen bedrift

I løpet av lærlingtida har Vemund rekt å starte eigen bedrift der han tilbyr vaktmeistertenester i tett kompaniskap med bedrifta til far sin. 

– Etter fagprøva håpar eg i fyrste omgang på vidare jobb hjå Elektromontasje, og drive bedrifta på kvelder og i helger. Så får vi sjå om det vert til å sikt, både vidare elektrikarjobb eller satsing på eigen bedrift er gode alternativ.

Det vesle som er att av fritid mellom lærlingjobb og eigen bedrift går med til venner og uteaktivitet, samstundes som han håper utelivet får ein oppsving ut over vinteren.

– Eg har eigentleg meir enn nok å finne på, så det er ikkje så alt for mykje som manglar i Vang for min del. Men utelivet har vore dårleg dei siste åra. Heldigvis har Tyinkrysset fjellstue vore triveleg nokre laurdagar i haust og eg har skikkelig trua på at det kan bli bra trøkk der når denne koronaen legg seg.