Om lag seksti fann vegen til opninga av Leikegøta.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Leikegøta open

Leikegøta teke i bruk

26. april 2016

Barnehageungar frå heile Vang var høgt og lågt i den nye Leikegøta på Hensåsen under opninga fredag.

– Det beste provet for at prosjektet er vellykka fekk vi av ungane no, sa ordførar Vidar Eltun i det han offisielt opna Leikegøta fredag. Då hadde han allereie understreka at bygging i tre, som er eit hovudelement i prosjektet, er noko kommunen er særs opptatt av– og positiv til.

Godt samarbeid

Leikegøta er eit resultat av eit samarbeid mellom NTNU, Innovangsjon og Norsk massivtre. Og ein heil skokk andre aktørar i Valdres.

– Vi er særs godt tatt i mot her og vi har fått akkurat de arbeidsforholdene som skal til for å få til gode prosjekt, sa professor i arkitektur ved NTNU, Finn Hakonsen under opninga.

Det er andre året NTNU er i Vang og Valdres for å bygge. I fjor vart det badstove og samlingsplass i sentrum av Vang. I år var det altså leikeanlegg og samlingsplass på Hensåsen i eit område det er planlagt mange nye bustader dei neste åra.

– Dette anlegget er ikkje berre for ungane, det er ein møteplass for heile grenda og ein fin plass å vitje for besøkande. Ein kan grille, brenne bål, slappe av eller til og med rulle ut liggeunderlaget på hemsen og overnatte ute, sa Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Lokalt preg

Bruk og gjenbruk av lokale materialer er mykje av kongstanken ved prosjektet. Inspirasjonen er henta frå matrevolusjonen ein har sett dei siste åra, og det var difor naturleg å servere lokalmat under opninga.

- Det einaste som ikkje er frå Vang her er dei eksepsjonelle brøda frå Bakeriet i Bagn, fortalde Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.


Han hadde brukt ein time før opninga på å hente diverse godsaker rundt om i kommunen og kunne by på kurv frå Smådalskjøtt, Skakadalskurv og Løkrheim. Yoghurt, modna ferskost, kremost og kvitost frå Skutshødn DA, egg frå Nedre Skjefte gard, bær, bakst og syltetøy frå Bjørg Berge, samt te frå Inger Sørum.

Tre årsverk

Prosessen med Leikegøta byrja i februar. Då var heile gruppa på studietur til Valdres, der lokal byggeskikk stod i sentrum. Teiknekonkurransen byrja eit par veker før påske, og endeleg prosjektskisse var klar fyrst nokre dagar før byggestart.

– Det vart hektisk men mykje av poenget med å gjennomføre ein byggeprosess frå A til Å er at studentane skal få kjenne på sånt, fortel Waagaard.

I ettertid er arbeidsinnsatsen summert opp, og det er ein imponerande mengde timar som er lagt ned.

– I prosjekteringsfasen gjekk det med mykje tid på å jobbe fram det beste prosjeket. No i byggjeperioda har 20 studentar jobbar 10-12 timars dagar i to arbeidsveker pluss ei helg. Legg ein på lærarane sin innsats er det lagt ned over tre tusen timer og nesten tre årsverk får NTNU si side, fortel Waagard.

Det betyr at denne gjengen med studentar og lærarar fortener ein stor takk! Marthe Vaagland, Morten Mathisen, Pierre Géroudet, Sofie Thestesen, Juho Remes, Simen Bie Malde, Karen Therese Lund, Zoé Bourret, Tobias Lamade, Aurèle Pulfee, Franziska Dohm, Cédric Wehrle, Sofia Jernberg, Kristian Møystad Bjørnland, Elise Sletta Rolstad, Niklas Profors, Stephanie Wünsch, Thomas Skinnemoen, Silje Sandvin. Finn Hakonsen, Arnstein Gilberg, Marius Waagaard og Ina Samdal har vore involvert på lærarsida frå NTNU.

Mange å takke

Det er ikkje berre NTNU-gjengen som har gjort Leikegøta mogleg å setja opp.

– Bedrifter, privatpersonar og kommunen har vore særs på tilbodssida og gjort sitt for å ta godt i mot studentane og prosjektet, fortel Rogn.

Vang kommune og Vang Sparebank har støtta prosjektet økonomisk saman med heile 26 privatpersonar som bidro til gjennom folkefinansiering. Ved sidan av dette har Norsk massivtre AS, Begna bruk AS, Kvismo Sag AS, Eilo tre AS, Lage Gjevre AS, Tveitabru bygg AS, Herbert Mollenhauer AS, Sørre Hogsrud gard, Valdres Folkemuseum, Kvam Bygdesag, Sørre Hemsing og Lomen maskin og transport AS, bidrege med kompetanse, utstyr eller rabattar for å realisere prosjektet. –

Materialet i bygget er stort sett trelast frå Begnadalen. I tillegg stilte Eilo tre AS opp med tresponkledning frå sin produksjon nede ved Sperillen, pluss at vi gjekk for gjenbruk av skifer som vart henta frå Søndre Hogsrud gård i Begnadalen, fortel Waagaard.