Nertrst fjellgard driv økologisk med kjøtproduksjon og har utvida med ullgris denne sommaren. Også «Utegris fra Vang» og «Syndingris» sel svinekjøt direkte.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mathøgtid i Vang

Mathøgtid i Vang

21. september 2020

Haust er mathøgtid i Vang - her er tipsa for deg som vil fylle fryseren.

Det korte og enkle tipset er å gå inn på lokalmatoversikten her på nettsida, ta kontakt med dei du ynskjer å handle av og avtale handelen direkte. 

– Vi har nokre som er ute hjå Joker Ryfoss og Joker Tyinkrysset, men det er småskala og direktesal som dominerer i Vang. Før det eventuelt er REKO-ring/lokalmarknad (direktesal med felles hentestad/tid) lyt du som forbruker vera litt på for å skaffe deg det breie utvalet lokalmat, fortel næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Det har kome produsentar til jamnt og trutt dei siste åra og på enkelte område kan vi snakke breitt lokalt utval. 

– Med tre leverandørar av utegris, god tilgang på kje, lam, storfe, rein og kurv er vi godt dekka på kjøt. Bakst, rakfisk og noko bær og tomatar gjer at den som vil kan servere lokalt både til kvardag og fest i vinter. Ryktet går også om eit par osteprodusentar som snart er i sving!

Følg også gjerne produsentane på sosiale medium for å få med deg kvardagsliv, produkt og nyhende. 

Vang ut i verda

Tidlegare i september hadde Fram reinlag slakting og kjøtet derifrå vert å finne i REMA 1000 gjennom merkevara «Kolonihagen - Rein fra Jotunheimen».

Elles er solbæra frå Bøe å finne Menybutikkar i heile Noreg gjennom et samarbeid med Røyland gård.

Sist ute av kvalitetsprodukt frå Vang ut i verda er tomatane frå mountainseed.no. Dei har vorte kjøpt inn av Noregs beste kokk, Espen Holmboe Bang, til bruk i den nye eteplassen hans «The Vandelay» som på kort tid har vorte ein ny favoritt i hovudstaden. Frå før har han tre stjerner hjå Michelin-guiden med Maemo, som einaste restaurant i landet gjennom historia. 

Onsdag var framtida for matproduksjonen i Vang på agendaen gjennom arrangementet Meir enn mat på Vang folkebibliotek.

 

No er sesongen på hell hjå Vida, men frøsalget er oppe å gå heile vinteren.