Her er nokre av representantane frå helsesektoren i Vang - no rekrutterar ein til fleire stillingar innan helse- og omsorg.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Omfattande rekruttering i helsesektoren

Omfattande rekruttering i helsesektoren

09. oktober 2020

Med nyoppretta vernepleiarstilling og fleire ferske pensjonistar er det storstilt rekruttering på gang i helsesektoren i Vang.

– Helsesektoren gjev varierte arbeidsoppgåver, utfordringar, mange gode kollegaer, godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, fortel Guro Råheim Kvam, helse- og omsorgssjef i Vang kommune.

Ho er tydeleg på at kommunen er ein god arbeidsgjevar og at Vang er ein fantastisk stad å bu. 

– Me vil gjerne ha fleire med på laget med desse utlysningane.

Dette er stillingane

Alle dei kommunale stillinga ute no er samla her. Alle stillingar ute i Vang no er samla her på sida. For spørsmål om stillingane er kontaktperson oppført på kvar og ein.

Lurar du på noko om Vang eller arbeidsmoglegheiter her, kontakt gjerne oss i Innovangsjon SA.

Næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757). Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).