Postkassene som no er sett ut. Foto: Oddvin Almenning
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Postkasser

Post di meining

31. mars 2015

Postkasser er sett opp i Ryfoss, Vang og på Tyinkrysset for at alle skal få kome med sine innspel i kommunereform–debatten her i Vang.

– Her kan alle poste innlegg, spørsmål og kommentarar til kommunstrukturdebatten, fortel Kari Birgit Lien i arbeidsgruppa som jobber med kommunereformen her i Vang.

Joker Ryfoss, Coop Grindaheim og Joker Tyinkrysset alle har fått sett ut postkasser til påske.  Det vert folkemøte på Vbu i april der alle har høve til å koma med si mening. Og ein kan sjølvsagt gjera det på nett. Men for at alle aldersgrupper og alle meningar skal kome opp på bordet er altså desse tre postkassene på plass. 

–  Kassene vert tømde kvar veke fram til 18. mai og innspela vert nytta på ein sakleg og positiv måte, fortel Lien. Ho sit i arbeidsgruppa saman med Marte Tangen, Johannes Havro, Tor Jørstad, Reidar Thune og Vidar Eltun. 

Den som vil gje tilbakemelding på epost kan sende inn til gruppa sin sekretær, Hallgrim Rogn.

Les meir om kommunereformarbeidet i Vang. Høyr innslag om postkassene hjå NRK Hedmark og Oppland.