_DSC6737-Edit.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grip moglegheita i fjellbygda Vang

Grip moglegheita i fjellbygda Vang

08. desember 2023
Akkurat no bugnar det av ulike stillingar på jobbmarknaden i fjellbygda Vang.

 

Velkommen til Vang i Valdres!

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne, er resultatet ei fjellbygd av sjeldan godt merkje lengst vest i Valdres. Her møtes høge fjelltopper, varme hjerter, framtidstru, engasjement, nykjørte skiløyper, gode oppvekstvilkår og eit særs levande lokalsamfunn. I tillegg er Vang heimplassen til ein av Norges råeste festivaler; Vinjerock

Det er stor satsing på barn og unge i Vang, og kommuna har to flotte barnehagar; Fredheim og Høre der det er løpande opptak heile året. Her jobbar kompetente fagarbeidarar kvar einaste dag med å følgje opp borna, og forme framtidas Vang! 

Alle skuleborna er samla på Vang barne- og ungdomsskule. Her er topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall, klatrevegg, kulturskuleavdeling og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand, gratis SFO og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen, er oppvekst-tilhøva i Vang på stell tørr vi påstå.

På vangivaldres.no ligg det ei fullstendig oversikt over bustader til sals og til leige. I tillegg ligg det informasjon om dei ulike tomtefelta, både i kommunal og privat regi. Verdt å merke seg er at kommuna har fleire tilskotsordningar for dei som ynskjer å byggje hus i Vang! 

Om du ønskjer å ta med deg jobben din, eller har behov for kontorplass, har Vang to kontorfellesskap! Det er Synshagen Næringspark og Kontorfelleskapet 1724.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest etter visjonen «Vang byggjer Vang», og har sine kontorplasser på Kontorfellesskapet 1724. Ta kontakt med Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad eller næringsutvikler Dag Inge Bruflot om du er nysgjerrig på bygda, vil starte opp for deg sjølv, treng plass å bu eller folk å henge med! 

Ellers finn du det meste av informasjon om Vang her på vangivaldres.no. Ta gjerne ein titt innom Facebook-sida eller instagramkontoen vår for å sjå kva som rører seg i bygda om dagen.