Vang kommune har ledige helgestillingar ved Vangsheimen og ved korttid og heimetenesta. Stillingane er fra 12-18 % i storleik.
Søknadane vert fortløpande vurdert.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing av brukarar
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
Søkjar må vere minst 18 år.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vere motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!