Vil du bidra til å skape ein møteplass for ungdom i Vang kommune, fylt med eit inkluderande fellesskap og meiningsfulle aktivitetar? Då kan denne jobben vere noko for deg! Vang kommune lyser no ut ei 2-årig 100 % prosjektstilling som “Prosjektkoordinator Ung i Vang”
Vi ser etter ein engasjert og dedikert medarbeidar som ynskjer å gjere eit løft for ungdommen i bygda vår. Vang kommune ynskjer å arbeide meir med forebyggande arbeid og inkludering blant ungdommen. Vi ynskjer å skape eit opent og trygt fellesskap kor ungdommen deltek og har innflytelse på aktivitetar og innhald.
Kva kan me tilby?
- Ein meiningsfull jobb der du utgjere ein forskjell og kan vere med på å ivareta og bygge opp ungdommar i Vang
- Deltaking i etaten si leiargruppe
- Ein fleksibel og utegåande jobb der du har stor sjølvstende i val av aktivitetar og opplegg
- Eit tverrfagleg kollegium med hyggelige, kompetente og engasjerte kollegaer!
- Unik erfaring frå ei unik stilling som du kan bygge vidare på
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Denne stillinga har ettermiddags/kveldsarbeid 2-3 dagar i veka. Arbeidstida vil henge saman med kva aktivitetar som blir gjennomført. Noko arbeid i helg og i skulen sine ferier lyt ein rekne med. Din nærmeste leiar er kommunalsjef for utdanning og kultur, og du vil inngå i etaten si leiargruppe.
Vang kommune har jobba med prosjektet Ung i Vang sidan 2020. Ung i Vang er eit prosjekt med føremål å skape ein god og plass å vera med og for ungdom, der tilsette frå psykisk helse, helsesjukepleiar og frisklivsrettleiar møter ungdomen på deira arena.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for planlegging og gjennomføring av aktivitetar i samarbeid med eventuelle frivillige og andre medarbeidarar
- Miljøarbeid og bygge gode relasjonar til deltakare på “Eftasklubb” og ungdomsklubb
- Låseansvar og praktiske oppgåver i forbindelse med aktivitet
- Nokre administrative oppgåver som rapportering, promotering på sosiale medium og oppfølging av deltakarar
- Arbeid knytt til samarbeid med blant anna Vang Kulturskule og Fri-Nat
Kvalifikasjonar
- Gjerne relevant utdanning - men erfaring eller personleg eignaheit kan vege opp for manglande formell utdanning
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- God digital kompetanse og god kjennskap til sosiale medium
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Motivasjon for å arbeide med og for ungdomsmiljøet i Vang
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er god på å bygge relasjonar og har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Tek ansvar og evner å arbeide sjølvstendig
- Er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- Brenn for at ungdom skal ha det bra og ynskjer å skape gode tilbod kor alle er velkomne
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Gyldig politiattest må framleggas før oppstart
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!