Endre Lunde (t.v.) frå Vang maskin graver no veg til to tomter i Krøsvøllhaugadn der det vert bustadbygging denne sommaren. Grunneigar Øyvind Leine Thune er godt nøgd med interessa for feltet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stor interesse for Krøsvøllhaugadn

Stor interesse for Krøsvøllhaugadn

27. april 2021
Fyrste trinn er sluttseld og to av tre tomter i andre trinn har interessentar allereie før planen er ferdig behandla. – Det er artig å satse på bustadutvikling i Vang for tida, fortel Øyvind Leine Thune.

– No lagar Vang maskin veg til dei to tomtene som er seld i fyrste trinn, og så fort trinn to er ferdig behandla vert det veg vidare og planstart for neste trinn, fortel Øyvind Leine Thune.

Han er grunneigar og tomteutviklar for Krøsvøllhaugadn langs Helinvegen ovanfor Vang sentrum. Her flytta Nina og Ola Martin inn i hus i fjor haust, og no i sommar byrjar bygginga på dei to neste tomtene.

– Det er ein storfamilie frå Asker som har kjøpt og startar bygging. Dei er mange i familien og det kan bli fleire som etablerer seg i feltet dei neste åra, fortel Thune.

– Ta ein tur

Trinn to i feltet er inne til handsaming hjå kommunen no og består av tre tomter vidare oppover i lia. Berre ein av desse er framleis heilt ledig, og også den siste tomta har Thune hatt framsyning av.

– Det tek ofte lang tid før folk bestemmer seg, men at interessen er såpass høg også for neste trinn allereie no gjer det artig å satse på bustadutvikling i Vang for tida, seier Thune.

Han oppmodar også interesserte bygdefolk eller besøkjande å gå seg ein tur i området for å sjå på det.

– Ein kan gå opp den nye vegen, inn i området og så opp på gamle Helinvegen. Ein skjønner ikkje kor flott det er oppi her før ein har gjort det!

Vang maskin har tidlegare gravd vatn inn i området. No er det køyreveg og tilrettelegging for VA som skjer, og Endre Lunde i Vang maskin set stor pris på denne typen oppdrag.

- Folk som vil byggje og bu i Vang er gull verdt, så oppdrag knytta til bustader tykkjer vi er stor stas!