Bustadtomt i Jotunheimen? Det er kva du får på Tyinkrysset. Unik utsikt og unik nærheit til høgfjellsnatur av aller beste slag.
For ca. 150.000 har du byggjeklar tomt ved Høgeset, mens dei to tomtane i Tyinkryssvegen er såkalla «gratistomter».
I båe tilfeller alt frå kloakk, oppmålingsbidrag, anleggsrefusjon og kommunale tilskot teke med. Eit anleggsbidrag for straum på 35 000 er med i prisen ved Høgeset, mens kjøpar sjølv lyt betale dette for «gratistomtane».
Det er fastsett nærare vilkår for bygging i kommunale felt. Den som er interessert i bustadtomt får raskt svar på ynskje om nærare opplysningar eller svar på søknad om tomt ved å ta kontakt med kommunen.