Skrive av Eli Belsheim - 30. november 2011
På jobb her om dagen fekk eg telefon frå ein seljar med tilhaldsstad i Oslo. Han meinte banken burde stå i ei oppføring i eit eller anna register på nett.

«Av og til føler eg at eg lev livet mitt i kø», sa ein oslogut til meg her om dagen. Han kunne godt tenkje seg å flytte på bygda, men våga ikkje ta skrittet. Kva er det som stoppar folk?

På jobb her om dagen fekk eg telefon frå ein seljar med tilhaldsstad i Oslo. Han meinte banken burde stå i ei oppføring i eit eller anna register på nett. Eg var ikkje så interessert, men fyren var ivrig, så eg valde å høyre på kva han hadde å seie. Sidan han var veldig hyggelig å prate med, og eg ikkje er så vanskeleg å få på glid heller, vart det ei artig samtale. Den utvikla seg plutseleg til å handle om Vang. Med å få han til å gå inn på www.vangivaldres.no, fekk eg raskt synleggjort kor mykje vi har å tilby her. Vi prata om fordelane med ei lita bygd, det å vere ein aktiv deltakar i eit lite samfunn, det å kunne engasjere seg og påverke, det å smile og seie hei til folk på butikken, ja til og med å slå av ein prat. Lista er lang.

Fyren kom frå ein mindre stad på austlandet, og tanken på å flytte heim, eller i alle fall ut av byen, var ikkje fjern for han. Eg spurte han om det var tanken på det sosiale og alle byens tilbod som hindra han frå å ta steget. Men i det daglege nytta han seg ikkje så mykje av desse tilboda. Det var mest jobbing og kø på han; «eg føler av og til at eg lev livet mitt i kø», fortalde han. Ubarmhjarteleg parerte eg med at eg går til jobb, med utsikt over vatn og fjell, ingen kø, berre blide foreldre som i adventsidyll leverar ungane sine i barnehagen….

Det som verkeleg stoppar folk frå å flytte frå byen og til bygda, er arbeidsplassar og bustader. Derfor er det så utruleg viktig at vi får lagt til rette for alle dei som faktisk kunne tenkje seg å ta med seg arbeidsplassen sin og busetje seg her! I tillegg må det vere arbeidsplassar å tilby, for alle kan ikkje vere gründerar eller ta med seg arbeidsplassen sin.

Vidare meiner eg at vi må ta nokre grep når det gjeld bustadsituasjonen. Det er ei kjennsgjerning at ein ikkje er sikra å få att pengane sine, om ein vel å byggje seg hus i Vang, for sidan å selje det. Slik er diverre bustadmarknaden her. Og eg trur nettopp det skremmer ein del potensielle vangsgjeldingar. Det er greitt å freiste lukka, men dersom det inneber stor økonomisk risiko, ja så blir risikovilja ofte for lita. Forståeleg nok - kven har vel lyst til å tape pengar? Dessutan er vel ikkje utleigemarknaden enormt stor heller. Ved å ha nokre bustader å tilby, slik at folk ikkje trengte å kjøpe seg eller byggje ein bustad og «låse seg heilt», om dei vil freiste lukka på landet, ville det kanskje bli enklare for folk å ta steget. Problematikken rundt arbeid og bustad går hand i hand. Det er ikkje som høna og egget, der spørsmålet er kven som kom fyrst. Arbeid og bustad må vere på plass samstundes, i alle fall for dei aller, aller fleste.

Om Eli Belsheim

Eli Belsheim
Turglad bankdame og småbarnsmor, med 1000 gode grunnar for å ha valgt nettopp Vang.

Flere bloggposter fra Eli Belsheim