Skrive av Eirik Høyme Rogn - 06. desember 2014
Eg trudde lenge at arbeidsplassane var den største mangelvaren i Vang. Eg tok feil. Framtidas Vang treng fyrst og fremst attraktive bustader.

I løpet av mine to år som næringsutviklar for Innovangsjon vart synet mitt på bygdeutvikling ganske endra. Alle har ei oppfatting av at arbeidsplassar er alfa omega for bygdenes eksistens, noko som sjølvsagt gjev meining. Men ein annan, og for mange minst like viktig faktor, blir ofte gløymt - nemleg bustader. Attraktive bustader. Varierte bustader. Moderne bustader. Innflyttingsklare bustader.

Det er på mange måtar eit paradoks at bustadmangel er blant dei største utfordringane som fråflyttingstruga distrikt i Noreg slit med i dag. Men det er altså eit faktum. Fasiten syner at relativt få bustader finst på marknaden, bygningsmassen er generelt aldrande, og særs få husvære leigast ut. Dette er fellesnemnarar for Vang og eit hopetal av liknande kommunar. Og dei få gongene det dukkar opp attraktive og moderne bustader på utleigemarknaden i Vang rekk ein knapt å lyfte opp telefonen før nokon andre har kome ein i forkjøpet. Etterspurnaden er større enn tilbodet.

Medbrakt arbeid

Distriktssenteret har forska mykje på kva som skapar attraktive bygder, og nokre klare tendensar peikar seg ut. Arbeidsplassen er viktig, men på langt nær ein einerådande faktor - noko som i stor grad skuldast at mange i dag også kan ta med seg arbeidsplassen sin på flyttelasset. Og med jobben i boks er det to andre ting som tel: Levande bygdemiljø og attraktive bustader. Etter mitt syn er det dermed berre bustadene me manglar i Vang...

Forskinga syner vidare at variasjon i bustadmarknaden er den store mangelvaren i dei fleste bygder i dag. Einebustaden er framleis føretrekt av dei fleste, men den ivaretek ikkje alltid dei yngste, eldste eller einslege bustadkjøparane. 

Samstundes er «småbruk» det desidert mest brukte søkeordet på Finn - men det er langt mellom dei ledige småbruka også. Og min påstand er at det kanskje ikkje er draumen om eit småbruk i seg sjølv som ligg bak søket for dei fleste, men heller mange av dei verdiane som me knyttar til ideen om eit småbruk. God plass, tett på naturen, og kanskje draumen om å dyrke litt av sin eigen mat. Nokre synes nok at det er stas å jobbe med vedlikehald av hus og fjøs attpå, men for dei fleste av oss kan dette fort bli baksida av medalja.

Eg har difor ein draum om at vi innan få år har greid å realisere eit innovativt bustadprosjekt ein eller annan stad i Vang. Landskapstilpassa og spreidde bustader med heilskapleg arkitektur, alle med eigne hageparsellar og eit stort felles frilufts- og leikeområde. I prinsippet ikkje heilt ulikt den tradisjonelle bustadstrukturen vi kjenner frå før, men likevel med ei heilt anna tilnærming i botnen.

For den som har trødd sine sko i Vang gjennom mange år kan dette sikkert verke både fjernt og urealistisk, men her har nokon trødd spora føre oss. Og dei har lukkast, fordi marknaden finst - og den er på langt nær metta. For når dei får det til i Hurdal og på Stokkøya, så bør vi vel også kunne få det til i Vang?

Marknaden er der ute

Eit slikt prosjekt, gjort på den rette måten, vil tilfredsstille ynskjelista til 80% av dei som drøymer seg vekk frå asfaltjungelen i dag. Hvis vi då attpåtil kan levere levande kontormiljø (som me har fleire av i Vang allereie) og aktive bygdemiljø, så er sjansen stor for at Vang plutseleg kan bli ein attraktiv kandidat for mange.

Faktum er at me er ein attraktiv kandidat for mange allereie (ein annan lærdom eg gjorde meg gjennom arbeidet i Innovangsjon), men mangelen på bustader er ein seig hemsko for oss. Det finst attpåtil fleire døme på sambygdingar som har endt opp i andre kommunar, rett og slett fordi dei ikkje fann den rette bustaden her - og fordi prosessen med å byggje sitt eige for mange er såpass omfattande og «kviafull» at det ikkje er eit alternativ.

Sjølv om min store draum handlar om å tilføre noko nytt til bustadmarknaden, så skjer det mykje bra på andre frontar allereie. Variasjon er som sagt nøkkelordet her, og heldigvis har me entreprenørar i kommunen som vågar å satse på bustader. Tveitabru Bygg har vorte kommunens hoffleverandør av kostnadseffektive tomannsbustader, som tilfredsstiller viktige (men ofte oversette) målgrupper i ein lokal bustadmarknad som vår. 

Samarbeid

Den store utfordringa oppi alt dette er sjølvsagt at det kostar å bygge, og ein skal leite godt for å finne investorane som vil påta seg ein stor risiko med nyskapande bustadprosjekt - og det i ei kommune som ligg trygt plassert på nedre halvdel av kvadratmeterpris-statistikken. Dersom ein skal gjennomføre eit realt - og naudsynt - bustadløft i Vang må ein difor angripe det annleis, og kanskje kunne me ha lært litt av Flå. Der har kommunen, lokalbanken og utbyggjarane i samarbeid har lagt grunnlaget for bustadutviklinga, og deler dermed også på risikoen - enn så lenge med stor suksess.

Eg er ikkje spesielt handy, men eg kan eitt og hitt om marknadsføring. Dersom nokon stiller med areal, andre med gravar og hamar, og banken og kommunen blir aktivt med i prosjektet, så lovar eg å gjere kva eg kan for selje bygd og bygg. For eg veit at marknaden finst, og eg veit at me kan greie å skape noko unikt som let seg selje, dersom me slår oss saman og vågar å køyre på.

Matematikken er ganske enkel: Bygd + bygg = sant!

PS: Stemma mi ved kommunevalet hausten 2015 går til det partiet som set ein proaktiv bustadpolitikk i front på handlingsplanen sin. Når me no får tidenes skule i Vang må me følgje opp med det som trengs for å sikre at den blir full av liv også i åra framover.

Om Eirik Høyme Rogn

Eirik Høyme Rogn
Eirik har den gode kombinasjonen av iderikdom, gjennomføringskraft og eit brennande engasjement for Vang. Han er no i eit kort arbeidseksil på Lillehammer før han gjer Vangsgjelding av seg for godt.

Flere bloggposter fra Eirik Høyme Rogn