Skrive av Silje Josten Lien - 11. desember 2017
Om lag ti prosent av livet mitt ligg att i Vang. Akkurat no er det fint å tenke på.

Om lag ti prosent av livet mitt ligg att i Vang. Akkurat no er det fint å tenke på.

Som ei slags siste helsing til Vang, og alt eg har opplevd gjennom å bu der, skriv eg dette på nynorsk. Ein litt haltande, ujamn versjon, prega av at bokmål er målforma eg vanlegvis nyttar, for ikkje å gløyme fleire år med erkekonservativ nynorsk i festivalsamanheng. Men, om ein ikkje utfordrar seg sjølv, kjem ein vel heller ingen veg?

Tre år og fire månader er ikkje så veldig lenge i eit langt liv. Da eg fekk tilbod om jobb i Vang, tenkte eg at eg skulle vere der i eitt år, det var jo ikkje godt å veta om det vart nokon særleg god match. Men så enda eg altså opp med å bu i overkant av ti prosent av mitt levde liv på et høgdedrag i innlandets vestland. Ein tiandedel. Plutseleg vart denne vesle bygda, ein keisam vestavind, hovudlykt, refleksvest, haugevis med firbeinte naboar og så inderleg mykje meir ein del av kvardagen. Av livet.

Ei innføring i livet

Eg hadde aldri ”budd skikkeleg” på bygda før eg pakka snippsekken og fløtte til Vang. Når eg no har fått det litt på avstand, trur eg at det har gjort meg godt. Da tenkjer eg ikkje på frisk fjelluft eller natur rett over dørstokken. Det handlar om bredde, i livet generelt (pompøst, men sant!). Eg har sett nye sider ved samfunnet, møtt folk eg nok elles ikkje ville ha møtt, tråkka i ukjent terreng, både i jobb og reint fysisk. Og meir til.

Men kanskje det viktigaste av alt: Å høyre til. Å bli viktigare enn nokon gong tidlegare. For det jo slik små samfunn fungerer, med færre folk blir kvar og ein meir synleg og dermed meir viktig.

Eg har opplevd både opp- og nedturar gjennom åra eg har budd i kommunen. Ingen plass er plettfri, ei heller Vang. Framandfrykt møter openheit for flyktningar og asylsøkjarar, tome hus blir feriehus i ein kommune som så sterkt dyrkar vekst og tilflytting, motvilje mot alternative innspel møter ein vilje til å satse for framtida. Kontrastar og motsetnader som ein finn mange andre plassar også. Men varmen er det som peikar seg sterkast ut. Openbart ikkje vêrmessig, men menneskeleg.

Vi treng folk

Noko av det som gjorde det så greit for meg å fløtte til Vang, var velkomsten eg fekk, eg visste at det eksisterte eit apparat.

Du skal vere rimeleg hard, om du ikkje slår rot når du har budd ein plass over fleire år. Sjølv når ein ikkje har ofra det så mykje tankeverksemd, visar det seg at røtene har sneke seg rundt likevel. Og mykje av grunna til at det skjer, er folk. Vi menneske treng folk. Og det er nettopp folk som er det eg vil sakne aller mest frå Vang.
Ei underleg, brokete og beint fram fantastisk samling menneske. Eg måtte ut på bygda før eg fekk ein stor vennegjeng, fleire av dei ville eg nok aldri har vorte kjent med om vi hadde møtt kvarandre ein annan stad.

Lite personleg progresjon

Eg kan ikkje seie at ringen er slutta, tilsynelatande har eg ikkje sett mykje til progresjon, utover det å bli eldre. Eg er fortsatt redd for kyr og nedoverbakkar på ski, singel, elendig på å fyre i omnen, håplaus på det meste av praktisk kunne og eg har eigentleg rett dårleg oversikt over topografien i kommunen eg ga tre år av mitt liv til. Men ein ting har endra seg. No har eg jobb. Den einaste, eller i det minste viktigaste, faktoren vart den som tvang meg vekk att. For det er eit faktum at ein ikkje kan leve på luft og kjærleik åleine, sjølv om den dietten sikkert hadde vore bra for meg ei stund (eg finst ikkje unnseleg…). Men eg trøyster meg med at eg prøvde.
Nokre gongar er dét det beste ein kan få til, sjølv om det hadde vore fint ”å fikse alt” på fyrste forsøk.

Det som vart, det vart

Eg har mang ein gong undra meg over kvar eg hadde vore, om eg ikkje hadde fløtt til Vang i 2014. Kanskje hadde eg budd i byen eller arbeida med noko heilt anna? Men uansett kvar tankane spinn av garde, det vart aldri slik.
Og hadde eg den gongen take andre val, ville eg ikkje ha møtt så mange fine menneske, i alle fall ikkje dei eg no kjenner i Vang. Livet blir til medan vi går, eg har sjangla meg ut av stien mang ein gong opp gjennom åra, men avsporingar treng ikkje alltid vere negative.
Dessutan gjeld det å sjå framover, lite nytte kjem ut av å henge seg opp i det som var, eller som kunne ha vore.

No er eg i gong med eit nytt kapittel. Men ein stad inst i hjartet vil eg nok alltid halde av plass til Vang. Og når eg nærmar meg den, vil eg kjenne på eit sakn, men mest av alt vere takksam.

På gjensyn, gamle venn!

Om Silje Josten Lien

Silje Josten Lien
Silje bur i Liagardane og driv som frilansjournalist frå basen på Kontorfellesskapet 1724. Silje driv også interessa for baking rimeleg langt, til glede for både kontorkollegaer og omgangskrins.

Flere bloggposter fra Silje Josten Lien