Skrive av Vidar Eltun - 08. februar 2012
Å vise seg fram og vera best er ikkje alltid like enkelt.

Vang slo Bjoneroa i kampen om å få presentere seg i TV 2. Maren Wangensteen, Lasse Skøre og fleire har vist i det siste at det går an å gjere det godt i konkurransar om ein kjem frå Vang. Derfor er det no ekstra moro at me saman kunne vise at me kan stå saman når det virkeleg gjeld.

Å vise seg fram og vera best er ikkje alltid like enkelt. Me er litt tradisjonelle her i Vang og det er kanskje ikkje nokon utprega vinnarkultur. Men no har me vist at me kan lykkast på mange område og det gjev grobotn for at me også skal kunne gjere det godt på andre felt. At me no får mykje medieomtale er positivt. Men viss me ikkje klarar å bruke denne gløden og innsatsviljen til noko, kjem me ikkje lenger. Alt er sjølvsagt ikkje berre velstand i Vang heller, me har mange utfordringar og for mange enkeltmenneske er det kanskje ikkje så viktig at Vang vinn ein konkurranse i regi av ein TV kanal. Men viss ein klarer å vidareføre denne opptimismen og ståpåvilja, vil alle innbyggjarar i Vang nyte godt av dette. Korleis ein snur og vender på det, er positiv tankegang mykje meir oppbyggjande enn berre å sjå kor håplaust alt er.

Å vinne ei slik avstemning som no Vang har gjort, kjem ikkje av seg sjølv. Her er det utruleg mange som har stått på, ikkje berre i Vang, men i Valdres og elles i landet. Eg har til og med høyrt at dei har stemt frå andre verdsdelar! Moro er det iallfall og me skal ta i mot TV 2 teamet på best mogleg vis, slik at Vang i Valdres blir presentert på ein naturleg og fin måte. Så er det som det heiter i Flåklypa-filmen, at etter suksess må ein tilbake til kvardagen og arbeide hardt for å følgje opp alle kommunen sine pålagte oppgåver. Og kanskje eg til og med får ligge innerst i kveld etter ein slik opptreden på TV 2...eller?

Om Vidar Eltun

Vidar Eltun
Vidar Eltun - ordførar (AP), lærar, humorist og fotballfantast er nokre av betegningane som passar godt til sjefen over alle sjefar i Vang.

Flere bloggposter fra Vidar Eltun