_DSC2103.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv «Alt» skjer i Vang

«Alt» skjer i Vang

05. september 2014

- Målet med kvelden er at nye og gamle vangsgjeldingar skal få ein enkel oversikt over kva som finst av tilbod i kommune, fortel Marte Tangen i frivilligsentralen.

Mange nye fjes hadde også teke turen denne kvelden. Kvart lag fekk to minutt kvar til informasjon, og dei som ikkje var til stades sjølv informerte Marte kort om.

Vikinglaug og skrivegruppe

I etterkant av informasjonsøkta var det ei runde med idear til nye lag i Vang. Både skrivegruppe, vikinglaug, fotoforeining, teatergruppe og økologisk innkjøpslag vart hivd ganske så seriøst opp i lufta.

- Det vert artig å følgje med framover, konkluderte Tangen etter att alle idear var diskutert.

Kvelden vart avslutta med utstillingsopning, palestinske kaker, kaffi og småprat.

Nye planar for Vang sentrum

Kveldens andre hovudattraksjon var opning av utstilling om utvikling av Vang sentrum, noko som også står på agendaen på eit folkemøte fyrstkommande måndag.

- Det er mange parallelle prosessar på gang i Vang sentrum. Kommunen ynskjer å utnytte dette og gje området ei heilheiteleg utforming og samanheng, sa prosjektleiar for sentrumsutviklinga Ingrid Skavhaug i det ho opna utstillinga.

Alle vert høyrd

Tidlegare planarbeid vert presentert på utstillinga. Det same vert ei masteroppgåve om Vang sentrum, utarbeida av Valdres-arkitektane Marius Waagard og Einar Fuglesteg Syversen ved NTNU i vår.

Men noko av det viktigaste ved utstillinga er at det er lagt opp til at alle som er innom legg att sine innspel. 



- Målet for utstillinga, møtet og heile prosessen er å utarbeide ein «moglegheitsstudie» for utvikling av kommunesenteret i Vang og gje konkrete innspel til planarbeidet i kommunen, fortel Skavhaug.  



Det er sett ned ei styringsgruppe der både politikarar, næringsinteresser, reiseliv og kommuneadministrasjon er med. Måndag 19:00 er det altså klart for opent folkemøte på Vbu der både landskapsarkitektar, Statens vegvesen og Oppland fylkeskommune er til stades.

- Hovudfokus for møtet er enkelt og greitt å få fram idear og ynskjer om mogleg utvikling for sentrum gjennom ein ideverkstad. I tillegg vert det grundig informasjon om dagens status, fortel Skavhaug.