Guro Lajord har teke over sauegard i Vang og var open kring kva tankar som låg til grunn for det valet og kva for tankar ho hadde om Valdres-landbruket fram i tid.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framtidsretta landbruksdebatt

Framtidsretta landbruksdebatt

26. oktober 2018

Eit variert panel valde å sjå moglegheitar framfor begrensningar for Valdres-landbruket under debatten på Vang folkebibliotek torsdag.

– Eg lovar å slutte å lese skrivebordsrapportar om kor dårleg det kan gå med Valdres-landbruket. Debatten i kveld har synt det er mange vegar framover her i dalen, avslutta debattleiar Hilde Lysengen Havro kvelden med.

Då hadde Guro Lajord, Ole-Jacob Christensen, Eivind Brenna, Jørand Ødegård Lunde, Tove Grethe Kolstad og Vidar Eltun kome med sine synspunkt om vegen framover og svara på fleire spørsmål frå salen.

Med stappfullt bibliotek (100 stk.) og live-sending på Facebook vart kvelden innleia ved at Lysengen Havro saman med Astrid Sverresdotter Dypvik frå Nationen presenterte utdrag frå boka «Kven skal eige jorda? - Ei bok om mat og makt».

Etter debatten overrekte Gunnar Belsheim frå Vang bondelag og Kjell Anders Haugen i Vang bonde- og småbrukarlag ei gåve til Lysengen Havro for hennar viktige rolle i det nasjonale ordskiftet kring landbruk.

Sak frå kvelden kjem ellers i Avisa Valdres si utgåve på laurdag og på nett.

Arrangementet var ein del av 100-årsfeiringa til Nationen og var støtta av Fritt Ord. I Vang samarbeida biblioteket og frivilligsentralen om vertskapsrolla.