Marit Gjærdingen er leiar ved Lund arbeidsbase VTA og har full aktivitet no på forsommaren.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Full fart på Lund arbeidsbase

Full fart på Lund arbeidsbase

05. juni 2018

Lund arbeidsbase er i full produksjon om dagen med vedkapping, gartneri, utplanting, jobbfrukt og catering.

– Gartneriet har vore ope frå veka før 17. mai og vi held ope 10-15 alle dagar i veka til sesongen er over, fortel Marit Gjærdingen, leiar for Lund arbeidsbase VTA.

Her sel dei eit breitt utval sommerblomster. Mykje av det dei produserer i gartneriet vert også planta ut.

– Vi er også rundt på alle kyrkjegardane i Nord Aurdal og planter ut både vår og sumar. Dette tykkjer vi er fint arbeid fortel Gjærdingen.

Nytt tilbod: Jobbfrukt

Denne våren starta Lund opp eit nytt tilbod til bedrifter i Vang.

Kvar måndag er vi rundt og leverar ut kasser med tre kilo frukt. Tilbodet følgjer sesongvariasjonane og er det beste Bama til ein kvar tid har, fortel Gjærdingen.

Sju kunder har vore med frå oppstarten og gjengen på Lund er opne for fleire kunder.

Det er berre å ta kontakt med oss, så kjem vi med fyrste levering neste måndag!

Ved og mat

Vedproduksjon har Lund helde på med sidan starten for snart tjue år sidan.

- Vi har jamn produksjon av ved og vi kunne nok seld tre gonger så mykje som det vi produserar. Utfordringa er lagring, det meste lyt lagrast ute sånn det er no, fortel Gjærdingen.

Også catering har dei no lang erfaring med. Ein kan både leige møte/festlokale eller få catering levert rett på døra frå Lund.

Så lenge vi har bestillinga på plass dagen før fiksar vi både store og små bestillingar levert på døra over heile Vang, avsluttar Gjærdingen.