I overkant av førti frå næringa, fylket, destinasjonsselskap, politikk og kompetansemiljø var på plass under «Kongedagen» for Kongevegen over Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv – Kongevegen er midt smørauget

– Kongevegen er midt smørauget

13. mars 2018

Kongevegen over Filefjell har nær sagt alle dei kvalitetane som er hått i reiselivet om dagen.

Dei internasjonale trendane går mot softe opplevingar med vandring, sykkel, kultur og mat som nokre hovudtrekk. Her er Kongevegen over Filefjell midt i smørauget, sa Haaken Christensen frå Innovasjon Norge under Kongedagen på Tyinkrysset fjellstue førre veke.

Bransjetreffet for Kongevegen over Filefjell med fokus på vandring og sykkel, samla drygt 40 personar til inspirasjon og debatt på Tyinkrysset fjellstue torsdag.

Ved sidan av næringsaktørar frå Lærdal og Vang var regionale og nasjonale ressurspersonar knytt til vegen med på dagen

– Bruk statusen

I fjor fekk Kongevegen over Filefjell mykje merksemd for «Europa Nostra-prisen». Frå det norske styret i organisasjonen var Grethe Horntvedt på plass med klare anbefalingar til aktørane.

– Kombinasjonen kulturturarv og natur som Kongevegen over Filefjell har er unik i europeisk samanheng. Bruk statusen vegen har fått rått i tida som kjem, få til gode samarbeid, og få verda til Kongevegen sa Horntvedt.

Eit mogleg ikon

Utan å bekrefte det, kom det klare signal frå Trond Carlsson frå Oppland fylkeskommune at Kongevegen over Filefjell ligg godt an til å bli eit av få Ikon som er med i ein ny regional reiselivssatsing.

Ellers var signala frå destinasjonsselskapa på båe sider av fjellet at Kongevegen over Filefjell var den store snakkisen på turistinformasjonane førre året.

Motoren i motoren

Kongevegen over Filefjell skal vera motoren i reiselivet i Vang og Lærdal i åra som kjem. Men kven skal vera motoren i motoren? Det vart eit breitt samansett debattpanel utfordra på mot slutten av dagen.

– Nettverket er gjerne motoren, men vi treng bistand frå både kommune og andre for å lukkast, understreka Magne Grihamar på vegne av nettverket for bedrifter langs Kongevegen over Filefjell.

Det er til dømes vrient for nettverket å få til ein tilsettressurs, då offentlege støttekroner også krev tilsvarande kroner inn frå bedriftene.

Debatten konkluderte ikkje, men Kongedagen prova at Kongevegen over Filefjell har internasjonalt potensiale, gode ambassadørar, løysingsorienterte bedrifter og ressurspersonar på båe sider av fjellet som brenn for vegen.