DSCF8895
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kreativiteten blomstrar på Jokerspace

Kreativiteten blomstrar på Jokerspace

09. november 2023
I eit stort lokale i Jokerbygninga i Ryfoss står avanserte maskinar og utstyr på rekke og rad. Kva er eigentleg Jokerspace, og kan du ha nytte av dette tilbodet?

Av: Marte Tangen. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

3D-printer, CNC-maskin, laserkutter og avanserte symaskinar. Ein skal vite kva ein driv med før ein sett seg bak spakene på dette utstyret, men alt kan lærast. Og på Jokerspace er det plass for både små og store lærevillige sjeler. 

- Jokerspace er ein møteplass for folk som vil utforske idear gjennom moderne hjelpemiddel, fortel Gudbrand Heiene. Han er rektor i kulturskulen i Vestre Slidre, og dagleg leiar i Skaperkraft Valdres som driftar Jokerspace. 

Skaperkraft Valdres har som mål å spre kunnskap om teknologi. Det er eit SA med 12 medlemmer, både privatpersonar og firma. Samvirkeforetaket er finansiert av både offentleg og privat støtte, men det har vore krevjande å utløyse dei store summane. Dei tener litt på sal av ting dei produserer, og Gudbrand jobbar med fleir planar for innteninga. 

- Det kan hende vi må ta litt betalt for aktivitetane våre, men idealet er at det skal vere låg terskel, seier han.

 

Leik og utforsking

Dei arrangerer ulike kurs med ulik vanskegrad, det handlar om å få folk til å forstå at dei kan lære å lage det dei sjølv har lyst til. 

- Gjennom leik og utforsking kan folk bli kjent med verktøy som på lang sikt kan vere med å skape arbeidsplassar. Vi har hovudfokus på barn og unge, men tilbodet er også for vaksne som vil teste og bruke verktøya, fortel Gudbrand.

Kva ein kan bruke slike program til forstår ein ikkje alltid før ein har lært det. Til dømes tegneprogramma, når ein lærer verktøyet dukkar gjerne idéane opp. Du kan designe t-skjorter til familien, teikne opp delar av huset til planlegging av renovasjon og ommøblering, eller lage ein reservedel til kjøleskåpet.


Oppfinnerklubben

Måndagar er det liv å røre på Jokerspace etter skuletid. Ein gjeng frå 5. klasse og oppover deltek på oppfinnerklubben, som er eit samarbeid mellom Skaperkraft Valdres og kulturskulene i Vang og Vestre Slidre. Ungane starta med å lage kvar sin powerbank, nokon har laga klokker, etterkvart jobbar dei med sjølvstendige prosjekt. 

Hausen 2023 har dei laga såpeboblerobot, lært 3D-tegning og 3D-printing, og laga vinyldesign til t-skjorter. Dei har også laga instruksjonsvideo til nokon av maskinane. Framover er også Kine Ramsland, lærer og teknologientusiast, med på laget. Då vi besøkte oppfinnerklubben i februar jobba Alve Lysted (11) med ein mobilholdar til far sin. 

- Pappa mistar telefonen i hodet fordi han sovnar når han ligg og ser på film, forklarer Alve. Han brukar eit digitalt teikneprogran til å designe holdaren, som skal ha ein bue med eit hakk som telefonen får plass i, og så skal den skjærast ut med laserkuttaren. 

- Det beste med Jokerspace er at du kan gjere kva du vil, det er ingen andre som bestemmer. Og så er det veldig mange mogelegheiter, så du kan vere veldig kreativ, smiler han.

Erle Kvien (snart 12) og Halvor Heensåsen Søndrol (12) sitt prosjekt er å lage videoar til sin youtubekanal ‘Abosa gaming’, ved bruk av spelprogramma Overwash og Roblox. Erle fortel at ho har vore med på Jokerspace i 2 år, fordi ho likar å kode. 

Torgeir Thiger Kvale (10) lagar legoboks, med laserkuttaren. Han har vore med i 1 ½ år, og synest det er artig å kunne bestemme sjølv kva han skal lage. 

- Eg lærer mykje her, seier han, og fortel om at han har alt for mykje lego, så då treng han eit system. Det blir til ein boks med fire hyller; ein for viktige ting, ein for menneskedelar, ein for teknisk lego og ein for ekstradelar. 

Dominik Schmidt-Philipp er spesialist på musikkteknologi, og lærer i Vang kulturskule. Han er tilstades for å hjelpe til, og kartlegg problemstillingane saman med ungane for å kunne rettleiar dei vidare. 

- Det er mykje ein kan gjere på vanleg tresløyd, men for nokon er det både artigare og meir effektivt å lage ting med moderne hjelpemiddel, smiler Dominik. 

Gudbrand går rundt og fangar opp dei som går seg vill i andre freistingar.

- Driv de berre og speler no? De må koble opp slik at de kjem vidare med det tekniske prosjektet, formanar han. Han utfordrar dei til å tenke logisk, kvar må denne kabelen inn for å fange opp signala derifrå? Saman får dei det til.

Døgnåpen tilgang 

CNC-fresen er blant dei mest avanserte. For å lære å bruke denne krevst det at ein engasjerer seg over fleire kveldar og får rettleiing vidare. Laserkuttaren og vinylkuttaren er enklare, då treng ein å kunne teikne i 2D. Det finst også loddeutstyr, og symaskinar; både vanlige, overlock og programmerbar brodermaskin.

Til oppfinnarklubben kan ein melde seg på undervegs, og tidspunktet passer med skulebuss frå både Vang og Vestre Slidre. Og om du som vaksen tenkjer at her vil du også vere med og lære, lage ting eller hjelpe til, så kan du ta kontakt med Skaperkraft Valdres på facebook eller direkte med Gudbrand. 

Når ein har hatt kurs eller opplæring og er kjent med utstyret kan ein få døgnåpen tilgang med mobilen. På Jokerspace er det mange moglegheiter for den som vil vere kreativ på nye måtar!