Emma Bejmar og Sven Richard Møller tenker langsiktig kring overnatting og opplevingar med Opplev Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt overnattingstilbod på Tyin-Filefjell

Nytt overnattingstilbod på Tyin-Filefjell

21. mars 2021
Felles draumar, eit korona-vrient avstands-forhold og ein strøken brakkerigg klar for nytt liv gjorde til at Emma og Sven Richard bestemte seg for å satse på Opplev Filefjell.

Sven Richard Møller er eit kjent fjes for mange i Vang etter fleire år som drivar av Intersport Filefjell. Han sa opp jobben for ei tid tilbake for å leve ut draumen om å vera på tur året rundt, men Filefjell kom han aldri heilt over

– Eg har budd i ein bag sidan eg var seksten og har trivst godt med det, men Filefjell klarte eg ikkje å legge bort. Dei to åra eg var utemann gjekk mykje av tida i fjella her og både opplevingane og folka vaks på meg. Så var det ein telttur ved Tyin i fjor då Emma og eg fann ut av det. Vi ynskte å satse på kvarandre, bygge opp noko eige - og gjera det akkurat her, fortel Sven Richard Møller.

Resultatet vart at Emma Bejmar frå Vesterås i Sverige og Sven Richard Møller frå litt her og der, starta Opplev Filefjell saman. Langtidsplanen er fulltidsarbeid med opplevingar og overnatting for båe, og dei er budd på å bygge stein på stein for å koma dit.

Opplev Filefjell B&B

Etter å ha lansert nettside og kome i gang med opplevingar i fjor sommar inngjekk paret ei avtale med Anders Hermunstad om å bygge opp overnattingstilbod i bygget rett ved Jokerbutikken han kjøpte etter vegutbygginga i området var ferdig.

– Det er eit moderne bygg i god teknisk stand, men fryktelig sterilt. Vi har brukt vinteren på å gjera det koseleg og sakte men sikkert byrja å ta i mot gjester. Til sommaren tek vi tak i uteområdet og rustar opp både her og på campingen, fortel Emma.


For å finansiere oppussing, utstyr og løpande utgifter deler dei på å jobbe hjå Intersport Filefjell for tida. Ein vanleg dag er ein av dei på jobb der, mens den andre pussar opp. I løpet av denne veka er seks av totalt 15 rom klare for utleige.

– Målet er å vera eit tilbod for alle der både dei vegfarande, friluftsfolk, familiar og andre finn det dei treng for overnatting og gode opplevingar i området. Plasseringa tett på Jokeren, Sporten, heisen, Tyinkrysset fjellstue, E 16 og ikkje minst fjellområda her gjer at vi når mange og kan tilby mykje, fortel Emma.


Kva namnet på overnattingsdelen av Opplev Filefjell vert til slutt er dei ikkje heilt einige om, men Emma held ein knapp på eit «bed&breakfast»-konsept.

– Ein god B&B ekskluderer ingen og kan fungere godt for alle dei vi ynskjer at skal finne oss.

Trur på framtida

Å gå såpass heilhjarta inn i eit prosjekt som Emma og Sven Richard no gjer, krev høg motivasjon, gode samarbeidsemner og eit langsiktig tidsperspektiv.

– Vi hadde ikkje stått her døgnet rundt og pussa opp om det var snakk om ein god sommarsesong og takk for oss liksom. Det er å lukkast på sikt det handlar om for oss, fortel Sven Richard.

Responsen frå besøkande no i starten, samarbeidet med andre aktørar i området, og gode opplevingar med både folk og fjell, har forsterka trua på at det er mogleg å lukkast.

– Vi er særs takksam for samarbeidet med både Anders og mange andre her i området. Nokre dagar får vi gjester fordi Tyinkrysset Fjellstue tipsar om oss, andre dagar dreg vi med alle gjestene våre opp dit. Eg er overbevist om at samarbeid og sunn konkurranse fører til meir å gjera for kvar enkelt og byggjer opp området på ein god måte, avsluttar Møller.

Enn så lenge handterar Opplev Filefjell all booking av aktivitetar og overnatting sjølv via e-post, telefon eller AirBNB. Dei er også oppe å gå med nettside, Facebookside og Instagramkanal.