SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral.
2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar.
Vi er på Jonsgard for å vitje Valdres Artic Dome, to overnattingskuplar i vilt og vakkert terreng, bygd og drifta av tvillingane Øyvind og Åsmund Ekerbakke Stende. Pensjonistlaget er som oftast på fleirdagsturar utanfor eigen kommune, men denne solfylte augustdagen skal dei oppleve eit av dei nyaste reiselivsprodukta Vang har å by på – og eg har fått lov til å vere med. Snakk om ein flott arena for å snakke med medlemmane og dei frivillige, og skrive ein presentasjon av laget.
Å oppleve nye plassar saman
For turar er ein viktig del av aktiviteten i pensjonistlaget. Alle eg pratar med som har deltatt på tidlegare turar fortel ivrig om flotte opplevingar – i Rosendal, med Skibladner på Mjøsa, dei har besøkt ciderprodusentar i Ulvik, farta rundt med tett program og opplevd ei rekke interessante ting som har gjort inntrykk. Eg spør om det er sjølve opplevinga eller det sosiale som er det viktigaste, og får til svar at det er ein kombinasjon. Å oppleve nye plassar saman gir ei fin ramme for å bli bli betre kjent med både nye og kjente fjes. Fleire trekker fram at her møtast folk frå heile bygda, ikkje berre grannar i grenda der ein bur.
Bjørg Bøe er aktiv i styret, og fortel at for henne har det vore naturleg å engasjere seg. – Det er artig å kunne bidra og gjere noko. Og når vi er på tur saman og kan gå rundt og sjå på ting slik som no, så går praten på ein annan måte enn om vi berre sit rundt eit bord. Ho fortel at far hennar også var aktiv i pensjonistlaget i si tid, då var det mykje dans. – Eg hugsar godt som ungjente kor flotte pensjonistane var då dei møtte fram til dans i dress og fargerike kjolar, men folk vil ikkje danse lengre, det er litt synd. Kanskje vi skulle prøvd å få til det igjen? Det er i alle fall viktig at det kjem inn yngre pensjonistar i laget som har nye idear og har lyst til å vere med å utvikle aktivitetane vidare, seier ho.
Ivar Kongslien sit også i styret. Han synes det er spesielt moro å ta med laget akkurat hit; - eg var med på anleggsarbeidet her i 70-åra! fortel han, men eg kjenner meg nesten ikkje igjen her no, det har grodd att noko voldsomt. Han fortel at turane er veldig populære, men det har vore vanskeleg under koronaen. Han er glad for denne dagen og at dei kan kome i gang med å treffast igjen. I tillegg til turar arrangerer laget medlemsmøter, og julemiddag. Det sosiale er viktig, å møtast og ha den gode praten.
Ein engasjert leiar
Både Ivar og Bjørg skryt av Gerd Marken, som har vore leiar i fleire år. Også i dag er ho tydeleg og trygg; ho har oversikt over dei frammøtte, pratar til forsamling i megafonen, koordinerer trakteringa og introduserer tvillingane som fortel om domane. Mellom slaga spør eg henne kva som gjer at ho engasjerer seg? – Det har eigentleg vore naturleg for meg heile livet, ein må engasjere seg i det ein er interessert i. Det skjer jo ingenting om ingen gjer noko! Og så er det viktig å ikkje blir sitjande når ein går av med pensjon. Og det er klart det har gitt meg mykje, eg har fått vore med på mange flotte opplevingar gjennom dei laga eg har engasjert meg i.
Gerd var aktiv i idretts-frivilligheita då ungane var små og i skulealder, ho har arrangert påskelunsj på Filefjell i ei årrekke, og vore aktiv i pensjonistlaget i 10 år, i tillegg til å vere i eldrerådet i to periodar, den siste som leiar. – Men ved neste val er det slutt der, då får nokon andre ta over, ler ho. Eg spør om ho kjenner seg verdsatt for innsatsen ho gjer? – ja, det må eg seie. Slik som i dag er det jo veldig triveleg å sjå folk hygge seg saman, og eg synes dei er flinke til å gje uttrykk for at dei set pris på det vi arrangerer.
Nye folk og nye opplevingar
Ein av dei som er med for første gong på pensjonistlagets turar er Nils Grøv. Han vart blind for ca 20 år sidan, og spøker med at han får jo ikkje sett denne fantastiske utsikta som alle pratar om. – Men det er veldig sosialt og triveleg å vere med, folk er flinke til å fortelje og inkludere, seier han. Sjølv har han deltatt meir på blindeforbundet i Innlandet sine turar, men kanskje vil han no bli med på noko av det som pensjonistlaget arrangerer også.
Synnøve og Stig Olav Fuglem har vore mykje i Vang på hytta si, men for to år sidan tok dei steget og flytta hit. – Vi gir Vang kommune ein blank 6’er! Utbryt Stig Olav, og Synnøve er einig; - det er så triveleg her, og enkelt! Både folk i bygda og på kommunen er så hjelpsame, vi synes det går veldig raskt og greitt å få ordna det vi treng.
Nokon eg pratar med er aktive i frivilligheita, dei fortel om prosjekt dei er engasjert i og at dette gir dei stor glede. Andre deltek ikkje så mykje, dei fortel at dei har eit godt nettverk rundt seg og er heimkjære, og ikkje kjenner så stort behov for å vere med på organiserte aktivitetar. Odd Harald Nordsveen er litt i tvil når eg spør om han er aktiv som frivillig; - ikkje i pensjonistlaget, men eg har jo vore aktiv i bridgelaget i 40 år! Og så stiller eg opp ein del som sjåfør for folk som treng det. Medan han fortel fotograferer han ivrig, men brått får han beskjed om at minnet på telefonen er fullt, og må sette seg ned for å slette. – det var jo noko herk at det skulle skje akkurat i dag, her som det er så mykje flott å ta bilete av! utbryt han fortvila.
Stamp og overnatting
Kvinner og menn sit på klappstolar og på rekkverket rundt domen, dei bryr seg tydeleg om kvarandre, pratar om bygdefolk, og levd liv, turar dei har planlagt med familien, snille naboar, kroppar som ikkje er som den ein gong var. Dei skryt av maten – Ingunn Svien og Ingrid Grøv har kokt rummegraut til den store gullmedaljen, Bjørg Grøv har baka flatbrød som blir servert både til rummegraut og spekemat, og i dag er alt gratis. Det takkast for god traktering og servise.
Fleire stiller spørsmål om drift og utstyr, ein del har erfaring med reiseliv og utleige sjølv, det utvekslast erfaringar og gode råd. Øyvind og Åsmund viser fram stampen, mange inspiserer innreiinga med stor interesse, men berre èi har med badedrakt og hoppar uti; – Dette var herleg! kvitterer Ingunn Hommedal, - det stod jo at ein kunne prøve så då måtte eg nytte høvet!
Pumpa til stampen går på solcelle, og domane er bygd med eit reisverk og ein form som tåler vêr og vind. Stendetvillingane fortel at det er mange utanlandske gjestar på besøk, som deler bilete av plassen i sosiale media, noko som gjer at marknadsføringa går litt av seg sjølv. – Det er veldig kjekt å sjå at området er mogeleg for alle å bevege seg i, seier Øyvind i megafonen avlutningsvis, - vi ønskjer dykk velkomne tilbake!
Gerd og gode hjelparar pakkar saman utstyr og søppel, og folk finn etter kvart bilane for heimturen. Vegen ned gir nok eit større sug i magen enn vegen opp, men her er det stødige sjåførar som kan eitt og hint om å køyre på bratte fjellvegar. Eg får skyss med Edny og Torleif Havro som bur på ein av gardane rett nedanfor. – Det har faktisk aldri vore nokon ulykker her, som vi veit om. Men det var ein som mista bremsene på hjullastaren ein gong, han klarte heldigvis å svinge inn i fjellsida før han fikk for stor fart! fortel dei med gru i stemmen.
Eg sit igjen med eit inntrykk av at mange har hatt ein flott dag som gir gode minner – og meirsmak til å bli med pensjonistlaget på nye eventyr i tida framover.
Faktaboks:
- Vang pensjonistlag har i underkant av 100 medlemmar
- Arrangerer: Turar, medlemsmøter, julemiddag. Alle medlemmar får brev i postkassa når laget arrangerer noko
- Koster: 470,- i medlemsavgift pr år, + varierande deltakaravgift på turar og arrangement
- Ønskjer du å melde deg inn? Kontakt nokon i styret eller meld deg inn på www.pensjonistforbundet.no
- Nysgjerrig? Kontakt leiar Gerd Marken på 97654891