Postkassene som no er sett ut. Foto: Oddvin Almenning
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Postkassane er tømt

Postkassane er tømt

28. mai 2015

Stor spreiing er stikkordet for innspela som har kome i postkassane plassert rundt om i kommunen.


– Her er dei som seier tydelige nei. Her er dei som seier ja, eller ber oss om å tenkje nytt. Og så har du dei som har nytta høvet til å koma med stikk til kommunen, fortel ordførar Vidar Eltun.

I vår har det stått postkassar på Joker Tyinkrysset, Coop Fjellvang og Joker Ryfoss for å samlae innspel til den pågåande utgreiinga om kommunereform. No er postkassane plukka ned, og innspela gått gjennom av prosjektgruppa.



– Med omlag 20 innspel i postkassane er det mykje matnyttig å ta med seg vidare, fortel Eltun.

Her er eit kort samandrag av det som har kome i postkassane:

Dei som seier nei

«Eg vil ha Vang som eigen kommune, og ikkje ein Valdres-kommune.»


« Bruk vett - vi liker det sånn som det er.»


«NEI»


«Vi må være egen kommune, men vi må kunne ha noen felles tjenester med andre kommuner i Valdres og Sogn.» 


«Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten?»


«Eg vil heller bu i ei lita utkantkommune som har orden i eige hus, enn i utkanten av ei stor utkantkommumne som ikkje har same orden i sitt hus.»

Dette er altså berre nokre utdrag. Her var også for eksempel eit lengre innlegg som peiker på at Vang har gode tenester og godt servicetilbod, og som er særs skeptisk til kva som vert flytta til Fagernes ved ei kommunesamanslåing.

Tenk nytt

«Vi må slå oss saman mot vest! Kommunenamn: Jotunheimen kommune.»

«Prøv å sjå ein destinasjon i Jotunheimen Vest.»

Det var altså fleire som meinte løysinga for Vang ligg mot vest. 

 Ja + nokre stikk

«Vang kommune har i allefall overbevist meg om at de er fullstendig usikket til å drive en kommune. Så kjør på spørr´u meg».

«Det er gjennomsiktig i Vang. Kanskje like greit å få en storkommune med mer profesjonelle folk!»

Det dukka også opp nokre innspel som gjekk på heilt andre ting enn kommunereform. Som at ein ynskja seg airsoft– og softgunbane, ny skatepark og toalett ved badstøga nedanfor Vangstunet. Eller at kommunen generelt burde vera meir løysingsorientert.

Alle innspel er ikkje referert her, men alt er altså grundig gått gjennom av prosjektgruppa.