Om båe legg seg godt over kvitstripa og senkar farta er det så vidt plass til to store køyretøy på delar av strekninga. Uholdbardt målt opp mot standaren i resten av Valdres, Filefjell og over i Lærdal og Aurland.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Turtnes-Øye - siste proppen langs E16 Filefjell

Turtnes-Øye - siste proppen langs E 16 Filefjell

26. mai 2020

Fleire aktørar jobbar no saman for å skaffe finansiering til å oppgradere dei 3,3 kilometrane mellom Turtnes og Øye på E16 over Filefjell. 

– Når trafikantane kjem gjennom Rødalstunnelen venter eit strekke der to store bilar i praksis ikkje kan passere kvarandre. Denne proppen er såpass farleg og samstundes ferdig planlagt, så her ligg alt til rette for å køyre på med koronamidlar til samferdsel og realisere prosjektet, sa ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Saman med fylkespolitiker Haldor Ødegård, representantar frå Statens Vegvesen, JVB, Vang Autoservice og fleire journalistar var Vidar Eltun på plass i Øye for å snakke fram saka tysdag. 

Her er hovudargumenta
  • Estimert til 150 mill kroner i 2015 - Statens Vegvesen meiner no ein kjem langt med 100 millionar.
  • Med breidde ned mot 5,52 meter er det siste proppen langs E16 over Filefjell og eit uakseptabelt standardfall. Noko som vert endå tydlegare når Rødalstunnelen, Kvamskleiva og Røn-Kvamskleiva er i bruk. 
  • Statens Vegvesen kan ha anbodet klart i løpet av tre månadar etter løyving av midlar. Reguleringsplan vedteken.
  • Strekningen lyt same kva utbetrast snarleg - god samfunnsøkonomi i å då også oppgradere.
  • Det er mykje masse lagra i området etter Øye-Eidsbru-utbygginga.
  • Passe stort prosjekt for nasjonale aktørar med godt vinterarbeid og fornuftig tidshorisont.
  • Filefjeller er den mest vintersikre aust-vest-forbindelsen. Dette svake punktet kan vera det som stopper trafikken når alle andre fjellovergangar er stengt.

Kven landar finansiering til denne strekningen?

Sjå meir i denne filmen.