DSCF9530
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Volleyball, aktivitetar og sjølvvalte prosjekt i 4H

Volleyball, aktivitetar og sjølvvalte prosjekt i 4H

04. oktober 2022
Ungdommane sit sjølv i styret, og bestemmer kva aktivitetar laget skal drive med. Medlemmane vel prosjekt å jobbe med, enten aleine eller saman med andre. I 4H får du både eigenutvikling og fellesskap!

SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar.

10 ungdommar er samla til sommarfest med volleyball og grilling på Neset. Den yngste er 10 år og den eldste 17. Her speler dei på same lag, men det er dei eldste som sit i styre som organiserer aktivitetane. Fire foreldre er med som frivillige, dei passar grillen og kosar seg i finvêret. Volleyball er klubben sin sport. Dei har alltid ein sommarfest i juni, og ein haustfest i oktober. I tillegg til ca. ein aktivitet i månaden gjennom heile året. 4H fylgjer kalenderåret og har ein årsplan som blir bestemt av styre etter årsmøte i november.

4H er for alle frå 10 til 25 år. Før du fyller 12 er du aspirant, kvart år du fullfører får du ei nål, og om du er med i 7 år etter fylte 12 får du 4H-plaketten. Denne er fin å legge ved når du skal søke jobbar. Etter å ha fått plaketten kan ein vere alumnmedlem.

 

Ansvar og prosjektleiing

Thea Hålien er 17 år og har vore med sidan 2015 – Eg synes det er kjekt å vere med fordi ein får gode vener, vi blir kjent med nye og så gjer det det enklare å halde kontakt med gamle vener når vi startar på vidaregåande. Og så er det veldig fint å ha på CV ‘en. Ho fortel at 4H har gjort henne tøffare. Ho har fått leiarerfaring, og blitt tryggare på å si kva ho meiner, ta ansvar og stå for det ho trur på.

For dette å ta ansvar for eigne prosjekt er ein viktig del av 4H. Deltakarane vel seg eit prosjekt som dei skal jobbe med gjennom året, og presentere på haustfesten. – Det kan vere nesten kva som helst, forklarer Kine Kampen Framstad, som er 17 år og leiar i laget. – Eitt år hadde eg «foto» som prosjekt, eg tok naturbilete og lagde ein presentasjon til haustfesten. Ein må sette opp budsjett og lage prosjektplan for korleis ein skal jobbe med prosjektet gjennom året. Eg har óg hatt «katten min» som prosjekt, då måtte eg til dømes rekne ut kor mykje eg kom til å bruke på kattemat, utstyr osv.

Thea har «massasje» som prosjekt, då tek ho utgangspunkt i eigen erfaring og utforskar og testar nye metodar, lærer om ulike hudprodukt og teknikkar. Ho har og «fingerhekling med tjukt garn» som prosjekt, fordi ho ønska å lære det.

Ole-Viljam Skjefte er ein del av det eldste trekløveret, han fortel at han i fjor hadde «garden min» som prosjekt. – Eg hadde utstilling av gamle ting frå garden, og las mange historier og skreiv tekstar. Bestefar min dokumenterte mykje før han døydde, så eg kan drive slektsgransking og lærer mykje nytt og interessant.


Tradisjon og skapartrong

Åsvang 4H feira 70 år i fjor, og er faktisk ein av dei eldste klubbane i landet. Før var det fleire klubbar i Vang. Karianne Kampen Framstad og Camilla Hålien er to av foreldra som no i nokre år har vore klubbrådgjevarar i Åsvang 4H. – Vi synest det er kjekt å kunne stille opp for ungane når dei har lyst til å vere med på ein så fin aktivitet, forklarer Karianne. – Og så er det moro for oss også å vere med, til dømes på leir. Då møter vi klubbar frå heile regionen, seier Camilla.

Nokon av foreldra har sjølv vore med i 4H som unge, det blir ein tradisjon i familien. Geir Endre Rogn er med saman med sonen Falk, for han var det naturleg å bidra når Falk ønska å gå i farens fotspor. – Eg synes det er kjempegøy! utbryt Falk. Vi leiker masse, og spesielt prosjekta er artige. Dette er mitt første år. Eg har Falke-TV som mitt prosjekt, det er ein YouTube-kanal der eg lagar videoar, og ei nettside, og eit spel! Skapartrongen er sterkt tilstades, og det er tydeleg at 4H er ein god arena for å kanalisere den.

 

Inkluderande fellesskap

Aldersspreiinga gjer også at dei eldste får fin trening i å ta vare på dei yngre, og dei yngre har fine førebilete å strekke seg etter. Thea, Kine og William fortel at dei har hatt stor glede av å sjølv gå gradene frå å vere dei yngste i laget til å no vere dei eldste som skal gå føre og vise inkludering i praksis.

– Kvart år kjem det nye medlemmar til, og då må vi ta godt imot dei så dei skal føle seg velkomne, fortel ungdommane. - Vi har «bli kjent-leikar» og passar på at alle blir inkludert. 4H er for alle, men det er ein fordel om du er interessert i volleyball, for det er ein viktig del av aktiviteten når vi møtest. Og så er det ein fordel om du likar å vere med folk, legg dei til. – På leir er det volleyballturnering, og vi vann i 2019!


Varmt hjarte og klart hovud

Camilla og Karianne hjelper mykje til med det som skal organiserast, men er tydelege på at det er ungdomane sjølv som skal bestemme aktivitetane i klubben.
Ungane rekrutterer ofte kvarandre. – Sjølv om det kjem med nokon nye så har vi nok over tid blitt færre, det er synd. No er det 13 aktive medlemmar. Vi håper jo at fleir får augne opp for kor artig og utviklande det er å vere med i eit lag der du får bestemme så mykje sjølv! seier Karianne.
Pølsene er fortært og volleyballen slått for siste gong i dag, dei avsluttar med 4H-løftet:
Vi lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med
klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

 

Faktaboks Åsvang 4H:

  • Tar i mot medlemmar frå heile kommunen
  • Pr. no 13 aktive medlemmar
  • Møtepunkt/stad: Ordinære klubbmøter er på Åsvang samfunnshus utvalde søndagar kl. 16.00-17.30. I tillegg er det aktivitetar med og utan overnatting på andre stader/tidspunkt, sjå Årsplan. Ein kan bli medlem gjennom heile året, berre å ta kontakt. Årsplan og informasjon ligg ute på Facebooksida: Åsvang 4H
  • Abonnementsavgift: Hovudmedlem kr. 600,- Søsken kr. 300,- Støttemedlem kr. 500,- (Mogleg det blir ei lita auke i frå 2023)
  • Kontaktperson: Camilla Hålien og Karianne Kampen Framstad: kampenf@online.no // 97604490