Året vi oppdaga alt Vang har å by på Tekst/foto: Hallgrim Rogn

Det er eit samla Vang som står saman om den nye kampanjen! Her bidreg både hyttefolk, bygdefolk, næringsdrivande, kommunen og andre.

Handelskampanjen Vang byggjer Vang

Legg at kroner hjå dei næringsdrivande i Vang - sikre deg eit tilbod i framtida, varer av beste kvalitet og eit Vangsminne for livet. 



– Dette er tida for å handle! Anten det er snakk om mat, opplevingar, ferie eller varer, har vi eit solid utval i bygda som både vi vangsjgjeldingar og hytteeigarar kan nytte i endå større grad, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Difor har kommunen i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytte-eigarar og Innovangsjon drege i gang ei lokal handelskampanje.

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020. For dette får du litt ulike ting alt ettersom kvar du har brukt pengane, mens hovudpremien er ein kaffikopp produsert i begrensa opplag.

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020.

Kampanjereglar

For å lande koppen lyt du gjennomføre 15 kjøp hjå næringsdrivande i Vang (vi tel ikkje med ordinær daglegvarehandel. Lokalmathandel i daglegvarebutikk er med). Det er også nokre underkategoriar som sikrar meir innhald i koppen.

Fem kjøp - Lokalmat eller lokalt design/handverk  – Valdres-pin
Fem kjøp - Varehandel inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære, sport – Vang-pin
Fem kjøp - Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar  –  Bonuskopp Valdres Sparebank

Registrer 15 kjøp her 

Du kan dokumentere med lenker til sosiale medium, opplasting av produktbilete eller kvitteringar - eller gjennom fritekst. Vi stoler på deg! Alternativt sender du ein e-post til hallgrim@vangivaldres.no med dokumentasjon.

Kampanjen varer ut 2020 og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytje #vangivaldres.


Bruk året på vitje alle eteplassane i Vang! Saras Mat (Sara er på bildet), Mjøsvang kafe, Tyinkrysset fjellstue, Filefjellstuene, Tyinholmen, Fondsbu, Bygdin hotel og Bygdinstøga.

Hytte-eigar og initiativtakar Øystein Vangsnes

 

Eksempel på oppdrag 
  • Skifte ut dører og vindauge
  • Rehabilitere torvtak
  • Måling og beising
  • Trefelling og skogrydding
  • Generelt vedlikehald
  • Ved for neste vinter
  • Innreiing og interiør
  • Plassbygd kjøkken 
  • Grusing og helle-legging
  • Platting
  • Takstige
Småjobbar i hytte og hus

I forkant av handelskampanjen har hytte-eigarar i Vang engasjert seg for å bidra til at loklat næringsliv held hjula i gang.

– Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes. 

Han er hytte-eigaren som drog i gang ein innsamlingsaksjon til lokale butikkar i påska og han ynskjer som mange andre fritidsbrukarar av Vang å bidra til utvikling av både området og lokale bedrifter. 

Registrer oppdraget her 

Dette er ein klassisk vinn-vinn-situasjon der vi både kan få fiksa det vi har tenkt på i lang tid og sikre at bedriftene vi er avhengige av som hytte-eigarar overlev denne krisa!

Legg att forespørsel her så får du tilbod frå 1-3 relevante, lokale og dyktige tilbydarar i løpet av to veker.

Nybygg og renovering

For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt  med eit eller fleire av handverksbedriftane i Vang. 

Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.

Du kan også sende forespørsel om oppdrag rett til hallgrim@vangivaldres.no som koordinerar opplegget.

Her er gjengen ved Montér Kvismo - ein av fleire butikkar i Vang som løyser behov for både hytteeigarar og lokalbefolkning. No er det opp til oss å nytje dei!