_DSC4776.jpg
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Bustad til leige Bakken

Nedre Bakken

Nedre Bakken

Ved vatnet Laglim i Liagardane er ei perle av eit småbruk tilgjengeleg for utleige frå 1. januar.  På Nedre Bakken er du heilt for deg sjølv, samstundes som det er eit aktivt sosialt miljø i grenda. 

Hovudhus, innmark og delar av driftsbygningen er no til utleige. Her kan ein leve ut småbrukdraumen med nokre dyr av fleire slag og ei langsiktig leigeavtale. Det er og høve til å nytje heimstøl og innmark der mot vøling av gjerdet. Vinterveden hogg du og gratis. For den som berre vil ha ein over snittet fin plass å bu treng ein ikkje leige innmarka. 

Alt ligg til rette for eit godt liv på Bakken. Skiløypa passerar nedanfor garden vinterstid, mens Slettefjellet som stig opp bak garden er ideelt turterreng året rundt. Her er kort veg til barnehage og butikkar, samstundes som Vang kan skilte med splitter ny skule og fleirbrukshall av aller beste kvalitet.

Kårhuset på garden vert disponert av eigar. 

 

Adresse
Liagardsvegen 50
2973 Ryfoss

Utleigar
Anders Kjøs
E-post: anders.kjos@gmail.com
Tlf: 957 21 571

Nøkkelinfo

  • Bustadhus, driftsbygning og innmark
  • Topp soltilhøve 
  • Fire soverom
  • Innmark rundt tunet
  • Tilgang til heimstøl med jorde

Fleir Bustad til leige