004 87Bfa458 Cd9d 4A0e Ae39 67D943c3d25c
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Bustad til sals Einebustad i Klukkargrende - byggestart sommar / haust 2024

Einebustad i Klukkargrende - byggestart sommar / haust 2024

Arkitektteikna bustad med panoramautsyn på stor naturtomt. 

 

Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som no blir utvikla med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamilier frå bygda som sjølve buset seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk.

Klukkargrende ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang, med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.

I tillegg til bustadtomtene blir det også etablert fellesareal med parsellhagar, leikeplass, samt anna felles infrastruktur, som alle i feltet har eigarskap og bruksrett til.

Om tomta

Dette huset blir oppført på tomt nummer 2 i Klukkargrende, ei romsleg tomt på ca 2 mål med adkomst på oppsida av tomta. Tomta vender seg mot sørvest, og har fantastisk utsyn mot fjella Grindadn og Bergsfjellet, samt Vangsmjøse og Vang sentrum. Soltilhøva er svært gode på tomta.

Ved kjøp av tomta inngår også 1/8 ideell eigardel i Klukkargrende sitt fellesareal.

Det er etablert veg og framført kommunalt vatn og avløp, samt fiber og straum, til tomtegrensa.

Beliggenheit og adkomst

Klukkargrende ligg ope og fritt til, men likevel sentralt i bygda. Herfrå er vegen kort til skule og barnehage, samt butikk, bank og andre sentrumsfunksjonar – som alt befinn seg innanfor ein avstand på 2 kilometer.

Vegen er også svært kort til store fjellopplevingar, anten du tek beina fatt frå dørhella heime, eller vil oppsøke storfjella i Jotunheimen – som ligg ein kort kjøretur unna.

Adkomst til Klukkargrende er frå Klukkargardsvegen, som ein kjem til frå E16 via Syndinvegen eller Burmavegen aust for Vang sentrum.

Kort om bustaden

 

  • Bustaden er på 130 m2 (kan oppgraderast til 150 m2), og er teikna av arkitekt Marius Waagaard.
  • Huset blir plassbygd av Vang Bygg AS, som er vår hovudentreprenør.
  • Kjøpar kan velje ulike tilleggspakker/oppgraderingar til huset iht. oversikt nedanfor, samt påvirke utvalde materialval før endeleg tilbod på hus og kontrakt om oppføring blir inngått.

 

Meir informasjon og fullstending annonse på Finn.no

Arkitektteikna bustad med panoramautsyn på stor naturtomt. Byggestart sommar/ hausten 2024. 

Fleir Bustad til sals