Skrive av Hallgrim Børhus Rogn - 30. september 2015
Terskelen er låg for å diskutere idear, ein nyt godt av kvarandre sine kontaktar og kunnskap, pluss at ein har trivelege kollegaer å ete lunsjen saman med.

Jula i 2013 flytta eg heim til Vang. Dama ville opp til Valdres og hadde skaffa seg arbeid på Fagernes. Eg vart sjølvsagt med oppover. Sjølv utan fast arbeid å gå til i Vang forlet eg Oslo med lett hjarte. 

Mamma var sjølvsagt særs nøgd med valet vårt om å flytte. Samstundes var ho grøn av bekymring og lurte på korleis eg kunne seie opp fast arbeid når eg ikkje hadde noko å gå til her.

Det korte svaret på kvifor valet var lett, er Kontorfellesskapet 1724.

Det er nemleg ikkje berre fast arbeid som gjeld lenger. 10 % av arbeidsstokken i Noreg arbeidar som frilanser. Og trivast med det. Prosentstilling på vikarbasis i Innovangsjon og ein uttalt ja-haldning til alt av forespørslar gjorde sitt til at det gjekk greit rundt 2014. Og det hadde ikkje gått like greit om kontorplassen hadde vore ved stovebordet heime.

Felles behov

Kontorfelleskapet 1724 ligg i overetasjen på «Gamle Vangsheimen» . Dette er arbeidsplassen til om lag femten personar som arbeidar med kultur og teknologi. I 2013 var det fleire bedrifter i Vang som kjente på behovet for ein stad å arbeide. Dei hadde vakse ut av stova og inn i verden og svaret på behovet vart Kontorfellesskapet 1724. Her fekk både enkeltpersonar og bedrifter eit godt miljø å arbeide i. Terskelen er låg for å diskutere idear, ein nyt godt av kvarandre sine kontaktar og kunnskap, pluss at ein har trivelege kollegaer å ete lunsjen saman med.

Vang kommune eig lokalet. Ikkje berre har dei fått leigeinntekter sidan oppstarten i 2013, lokalet har også gått gjennom ein omfattande oppgradering. Kontorfelleskapet tok nemleg opp eit lån i Vang Sparebank ved oppstarten og brukte 335.000 på å setja i stand lokalet.

I åra 2013 til 2015 er det vidare betalt 285.000 i leigeinntekter til Vang kommune frå Kontorfellesskapet 1724. Neste år er det budsjettert med leige–utgifter på 135.000. Det betyr 135.000 i reine kroner inn til kommunen. I tillegg kjem årlige skatteinntekter til kommunen. 12 % av innbetalt skatt i Noreg går til bustadkommunene. Eit grovt overslag syner at kommunen difor kjem til å ha minst like store skatteinntekter som leigeinntekter frå Kontorfellesskapet 1724 neste år.

På Kontorfellesskapet 1724 arbeidar det pr. september 11 personar på fulltid. I tillegg er det 5–6 såkalla ambulerende plassar, der det sit folk opp til åtte dagar i månaden. Av alle desse årsverka er det kun i samvirkeforetaket Innovangsjon, som er finansiert frå kommunalt hald ut frå eit felles mål om vekst i heile kommunen. Resten er privat næringsliv som vi utan kontorfellesskapet kanskje ikkje hadde hatt i kommunen.

For å syne noko av dette har eg teke ein kjapp kikk på 2014-tala for fire av bedriftene på kontorfellesskapet.

Innovangsjon SA

Arbeidar med: Auke folketalet i Vang kommune til 1724 innan år 2020. Fokus på næringsutvikling, bustader, møteplasser og blest.
Tilsette på 1724: 2 stk
Støtte frå Vang kommune i 2014: 1,15 millionar kroner (lønnsmidler til to stillingar)
Omsetning i 2014: 2,139 millionar kroner (Eksternt konsulentarbeid, arrangement og diverse prosjekt drog opp omsetninga, som vart brukt til auka bemanning i delar av 2013/2014)

TurApp AS

Arbeidar med: Lager nettbaserte turguider for nasjonalparker og destinasjoner. Jotunheimen, Kongevegen, Valdres, Oppdal, Vang, Langsua og Finnskogen er nokre av kundane.
Tilsette på 1724: 2 stk.(Pluss ambulerende plass. Selskapet har to tilsette i Oslo)
Støtte frå Vang kommune i 2014: 0,-
Omsetning i 2014: 2,086 millionar kroner

Vinjerock AS

Arbeidar med: Vinjerock, landets mest populære kulturarrangement arrangert på Eidsbugarden i Vang. Fyller 10 år neste år.
Tilsette på 1724: 1 stk (Pluss ambulerende plassar vår og sumar)
Støtte frå Vang kommune i 2014: 300.000,–
Omsetning i 2014: 11,112 millionar kroner

Kosa Seg AS

Arbeidar med: Vinjerock, Jørn Hilme–stemnet, Fjellfilmfestivalen og diverse andre store og små kultur– og idrettsarrangement gjennom året. 
Tilsette på 1724: 3 stk. 
Støtte frå Vang kommune i 2014: 0,- 
Omsetning i 2014: 3,191 millionar kroner

I tillegg er Leodesk AS (IT), Gjøvik Glassverk AS (Glassproduksjon) og fleten.net (IT) på plass med faste plassar, pluss dei som er inne på ambulerende plasser. Alt saman er 100 % privat næringsliv.

Anten du vil diskutere ein ide med Innovangsjon, du vurderar å leige ein ambulerende kontorplass av 1724-sjef Dag, eller du berre vil ta ein titt på bygde-Noregs koseligste kontorfelleskap er det berre å ta turen innom.

Om Hallgrim Børhus Rogn

Hallgrim Børhus Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Flere bloggposter fra Hallgrim Børhus Rogn