Stort uteområde og nokre fine furutre.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kven tek tak i Ryfoss barnehage?

Kven tek tak i Ryfoss barnehage?

15. november 2018

Med stor tomt midt i byggjefeltet i Ryfoss og ei bygningsmasse som gjev fleire moglegheiter ventar kommunen på interessentar til Ryfoss barnehage. Her er høve for både omregulering, tomtedeling og ein mogleg prisreduksjon.

– Alle bod som kjem inn vert teke seriøst, kommunen ynskjer verkeleg at nokon ser moglegheitene i å utvikle eigedommen, fortel ordførar Vidar Eltun.

Barnehagen vart lagt ut for sal saman med litt over tre mål tomt i vinter. Ordføraren er spent på både kva barnehagebygget ender opp som og kven som tek tak i moglegheita.

– Det har skjedd mykje bra i Ryfoss dei siste åra og kombinasjonen av bra bygg og høve for tomter såpass sentralt i Ryfoss er ein sjanse som ikkje kjem att, seier Eltun.

Hovudbygget frå 1986 er i grei teknisk stand med vatn til mange rom og mykje lys inn. Samstundes har du ei gamal stove i som anten kan bli eit lite kontorlokale eller ein utleigeeining, samt eit lagerbygg frå 1994.

Høve for omregulering

Per i dag er både bygget og tomta sett av til offentlege formål, men ved eit sal ligg det altså i korta ei omregulering.


- Omregulering til bustad eller kontor meiner eg går greit her. For den som ynskjer det er det er det nok rom for å dele av ei romsleg tomt på nedsida av barnehagen. Kanskje også ei lita tomt på ca. 0,7 dekar på oversida, fortel teknisk sjef i Vang kommune Terje Hålien.

Den gamle barnehagen ligg midt i byggjefeltet i Ryfoss der no alle tomter er seld. Det er planar om ei utviding av feltet ovanfor dagens felt, men dette er både kostbart og tidkrevjande.

– Tida for gratistomter i Ryfoss er forbi, noko som betyr at dei over tre måla som følgjer med barnehagebygget har ein god verdi, meiner Hålien.


Bustad og kontor

Ein som har gjort alvor av å kjøpe ein nedlagt barnehage er Bastian Tuv Kverneland. Han såg store moglegheiter i ein nedlagt barnehage som kom for sal i sumar.



– Eg driv og pussar opp no, men her vert det både bustad til meg sjølv, varme senger og eit kontor, fortel Kverneland.

No har han altså slått seg ned i Numedal, men han håpar også andre kan sjå verdien i det å byggje vidare på noko gamalt framfor å byggje nytt også i Ryfoss. Han merkar at heile grenda heiar på prosjektet has.

– Som i Ryfoss har det her vore masse liv gjennom mange år, så det at det no vert lys i vindauga her att er noko fleire har vore innom og sagt dei set stor pris på, seier Kverneland.