Frist utløpt

Den digitale verda utviklar seg raskt, ikkje alle er like stødige på ny teknologi og nokon treng støtte til digitale oppgåver. Vang kommune søkjer derfor etter 3 digivertar frå 9.klasse eller 10.klasse frå Vang barne - og ungdomsskule, som vil gi 1 til 1 hjelp ved digitale utfordringar og opplæring i digitale ferdigheiter. Prosjektet er i samarbeid med frivilligsentralen og Vang folkebibliotek. 

Prosjektstillinga er 2 timar per veke på måndagar frå kl. 16.00 til kl.18.00 på Vang biblioteket frå september 2023 t.o.m. 31. mai 2024. Ein vaksen digivert vil alltid vere tilstades. 
Du får ei opplæring/introduksjon om oppgåvene dine som digivert, og ein arbeidsavtale for 9 månader og lønn som ung arbeidstakar etter tariffavtale. Stillinga utgjer 5,32 % stilling.

 

Arbeidsoppgåver

  • Gi individuell hjelp til digitale utfordringar med fokus på meistring
  • Samtale med deltakarar
  • Vise digitale moglegheiter etter behov
  • Servere kaffe/te
  • Skape tillit
  • Vise til vaksen digivert når det trengs
  • Du har teieplikt og må signere teiepliktserklæring

Kvalifikasjonar

  • Du går i 9.klasse eller 10.klasse. Ungdommar frå Vang vert prioritert

Vang kommune har fått tildelt midler til dette kommunale prosjektet frå helsedirektoratet, knytt til kompetanse og tenesteutvikling. Me ynskjer å bruke midlene til breitt alderssegment og ungdommar frå Vang kommune vil derfor bli prioritert som søkjarar til digivert-rolla. 

  • Du er flink med digitale verktøy og sosiale medium
  • Du ynskjer å hjelpa til med å løysa problem på nettbrett, mobil og datamaskin
  • Du har evne til å overføre kunnskap/ferdigheiter
  • Du er respektfull, høfleg og tolmodig
  • Du viser interesse for den enkelte og tilpassa tempoet
  • Du har gode norsk språkferdigheiter og kan omsetje engelske ord
  • Du kjenner til digitale risikoar som til dømes fishing og tryggingsvarslar

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24