Frist utløpt

80% driftstilskudd for fysioterapeut ledig i Vang kommune frå 1. juni 2023 til og med 31.12.2024 med mogleg forlenging.

Arbeidsoppgåver
Som fysioterapeut ved Vang Fysikalske Institutt er det forventaet at du behandlar alle typar pasientar. Pasientane henvender seg direkte eller er henvist frå m.a. fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar/kollegaer.

Det er forventa at aktuelle kandidatar er kjende med politiske føringar for framtidas kommunehelseteneste jf. samhandlingsreformen og primærhelsemeldingen.

Det blir lagt vekt på evne til å være med å utvikle gode fysioterapitenestar for befolkninga i tråd med framtidig behov. Verksemda skal utøvast i tett samarbeid med andre kommunale tenestar og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Avtalefysioterapeut samarbeidar tett med kommunal fysioterapeut og har kommunale oppgåver.


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Relevant erfaring og relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå kommunefysioterapi, spesielt frå arbeid med born og unge er eit føremonn
  • God norsk skriftleg og muntleg formidlingsevne
  • Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing, jfr. Lov om helsepersonell §20a.


Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Har engasjement for faget og evne til å bygge relasjonar med brukarar og kolleger
  • Er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert og med god gjennomføringsevne
  • Meistrar å prioritere og omfordele arbeidsoppgåver
  • Kan samarbeide og jobbe tverrfagleg
  • Me vektlegg personleg eignaheit.


Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar
  • Det ligg godt til rette for tverrfagleg samarbeid, då Vang fysikalske institutt er samlokalisert med ergoterapitenesta, frisklivssentral, legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste.
  • Me tilbyr gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt. Det er to andre fysioterapeutar ved instituttet.
  • Driftsavtala regulerast av den til eikvar tid gjeldande ASA 4313
  • Kva får du ved å flytte til Vang? Sjå Vangsfilmen: https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU


Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad, men sjekk også ut: https://www.vangivaldres.no/arbeid-og-bustad/bustader-og-tomter

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.


Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24