Frist utløpt

Vi har ledig to lærarstillingar ved Vang læringssenter med oppstart omgåande. Den eine stillinga er fast, medan den andre stillinga er 100% vikariat ut skuleåret 2023/24 med mogleg forlenging.

Stillingane består av undervisning for vaksne etter opplæringslova § 4A.1 og integreringslova. 
På læringssenteret har vi vaksne elevar og flyktningar som er busette i Vang med rett og plikt til introduksjonsprogram og / eller norsk og samfunnsfagopplæring.
Introduksjonsprogrammet består av element som skal kvalifisere til vidare utdanning eller arbeid. Kvar elev har sin eigen integreringsplan.
Vi tilbyr grunnskuleopplæring for vaksne i faga norsk, matte, engelsk, naturfag eller KRLE og samfunnskunnskap, samt asylnorsk for elevar med rett og plikt til norskopplæring på Vang mottakssenter.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre god og variert undervisning, i norsk, asylnorsk, samfunnsfag eller andre elementer som inngår i introduksjonsprogrammet.
  • Planleggje og gjennomføre undervisning i grunnskulefag for vaksne.
  • Kartleggingsarbeid i samarbeid med flyktningkonsulent.
  • Vurderingar og gjennomgang av norskplan med elevane.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse i norsk
  • Det er positivt med undervisningskompetanse i matte, engelsk,KRLE eller naturfag, men ikkje eit krav
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Du må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Vidareutdanning i norsk som andrespråk vil verte prioritert.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • har erfaring med arbeid med flyktningar
  • er god og tydeleg i kommunikasjonen
  • har god evne til samarbeid
  • er fleksibel og løysningsorientert har godt humør og er med å skape et godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit positivt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsdagar
  • Løn etter tariff

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24