Utsyn frå grillhytta ovanfor bensistasjonen i Ryfoss.
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Tomter Ryfoss

Byggjefeltet i Ryfoss

I byggefeltet i Ryfoss er det to «gratistomter» att. Ryfoss har vore eit populært område å busetja seg i dei seinare åra - her finn du både butikk, post, tannlege, bensinstasjon og treningssenter, samt barnehage oppe i Høre. Samstundes er vegen både til Vang sentrum, Fagernes og Beitostølen er relativt kort. 

Kommunal «gratistomt» betyr at kommunen gjev gratis grunn, og at kommunen ikkje krev inn refusjon for opparbeiding av veg, vatn og avløp.

Alle andre gebyr og avgifter, herunder tilknytingsavgift for vatn og kloakk, må betalast på vanleg måte. I denne samanheng er det viktig at husbyggaren også tek kontakt med Vang energiverk, tlf 61 36 75 50, for å avklare kor stort anleggsbidrag det er for å få tilknyting til straum.

Det er fastsett nærare vilkår for bygging i kommunale felt. Den som er interessert i bustadtomt får raskt svar på ynskje om nærare opplysningar eller svar på søknad om tomt ved å ta kontakt med kommunen. 

Nytt byggjefelt er regulert i Ryfoss - dette kjem snart på marknaden. Ta kontakt med kommunen for å få veta meir om dette.

Adresse
2973 Ryfoss

Kontakt
Vang Kommune 
Avdelingsleiar vatn og avløp
Halvor Eggen Pettersen
Send e-post
Tlf: 61 36 94 00 

Nøkkelinfo

  • Tomt: ca 1000 m²
  • Antal tomter: 2 i gamle feltet. Mange i nye.
  • Byggeklar: Ja. Noko grunnarbeid må påreknast. 

Pris 
I det gamle: kun tilknytningsavgift for vatn, kloakk og straum lyt ein betale sjølv)
I det nye: Pris kjem.

Kart
Valdreskart.no
Trykk på Vang.
For tomt i det gamle feltet: Søk så på Gnr 104/69 eller 104/70
For nye feltet søk på Gnr 104/93. Huk av for "reguleringsplanar".

Fleir Tomter