Frist utløpt

Mountains of Norway er eit samarbeid mellom Nasjonalparkriket, Visit Valdres og Visit Geilo. Vår jobb er å styrke opplevingsturismen i fjellheimen på vegne av medlemmane våre, gjennom å utvikle og selje fjellopplevingar til internasjonale turoperatørar som sender framtidas aktive gjester til fjells. Vi jobbar på vegne av heile verdikjeda i reiselivet, og Tyskland, Sveits, Austerrike, Nederland, Belgia, Sverige og England er våre primærmarknader. Verksemda har p.t. 2 tilsette, som jobbar med sal eller salsutløysande tiltak som visningsturar og produktutvikling. Vil du vera med på laget?

 

Om stillinga

1. Kort oppsummert
I rolla som Fjellseljar Vinter er du hovudansvarleg for å leie og koordinere sals- og produktutviklingsarbeidet for vintersesongen.

2. Marknadsutvikling
Ein stor del av jobben handlar om å skape interesse for fjellregionen, og sørge for at turoperatørane blir kjent med alle moglegheitene i fjella våre.

3. Skreddarsaum
One size does not fit all. Som fjellseljar bistår du turoperatørar og medlemmar med å skreddersy opplevingar til ulike målgrupper.

4. Visningsturar
Visningsturar er eit avgjerande tiltak for å utløyse sal. Du planlegg og koordinerer alle digitale og fysiske visningsturar i vintersesongen.

5. Møter, messer og workshops
Salsutløysande kunnskap haustast ofte over ein kopp kaffi. Du må difor pårekne noko reising for å møte turoperatørane på deira heimebane, sjølv om mykje av jobben gjerast over nett.

6. Medlemspleie og rådgjeving
Som fjellseljar får du eit unikt innblikk i kva som rører seg ute i marknadane, og denne kunnskapen nyttar og deler du til det beste for medlemmane.

7. Teamarbeid
Mange arbeidsoppgåver løyser me saman i Mountains of Norway, til dømes samlingar for våre medlemmar og større prosjekt.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24