Frist utløpt

Om stillinga

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som kommunalsjef for teknisk, plan, miljø og landbruk. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe. Leiargruppa arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein person med gode samarbeidsevner og ei strategisk innstilling til den samla kommunale verksemda.

Ved etaten er desse fagområda:

  • Samfunnsutvikling 
  • Arealplan og byggesak
  • Vatn og avløp
  • Miljø og naturforvaltning
  • Landbruk, skogbruk og viltforvaltning
  • Landmåling, kart og GIS
  • Beredskap
  • Teknisk drift, reinhald og kommunal eigedomsforvaltning

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, organisere, prioritere og strukturere arbeidet på etaten 
  • Ansvar for etatens økonomi og personell, samt utvikling av fagområda
  • Ansvar for å sikre ei effektiv tenesteutøving med god kvalitet i medhald av lovverk, rammer og målsetjingar
  • Ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling i etaten
  • Vidareutvikle etaten med fokus på å skape ein felles kultur og innovativ tankegang
  • Ansvarleg for etatens saksbehandling innanfor fagområda og førebu saker til politisk behandling

Kvalifikasjonar

Relevant :

  • Universitets- eller høgskuleutdanning, til dømes innanfor ingeniørfag, forvaltning, jus, realfag, samfunnsfag
  • Realkompetanse kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande utdanning
  • Haldningar og verdiar som er i tråd med Vang kommune sine perspektiv på leiarskap
  • Ynskjeleg med kjennskap til lovverk og føresegner innanfor kommunal forvaltning og beredskap
  • God forståing for offentleg forvaltning og økonomi
  • God systemforståing og digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • vil vere med å forvalte og utvikle verdiane i Vang kommune
  • har fokus på kommunikasjon, og er god på dialog og samarbeid
  • gjennom dine leiareigenskaper evner å levere gode resultat i samarbeid med andre
  • har høg gjennomføringsevne, er tydeleg og evner å ta avgjerd på sjølvstendig grunnlag i tråd med overordna målsetning
  • finn gode løysingar og held fokus på utvikling av medarbeidarar, system og organisasjon
  • tør å tenke nytt, tar utfordringar og ser moglegheiter
  • har gode strategiske og analytiske eigenskapar
  • skapar tillit gjennom høg fagleg og personleg integritet
  • har stor interesse for kommunal forvaltning og utvikling av fagfeltet
  • har god forståing for forholdet mellom styret og administrasjonen i ein organisasjon

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • deltaking i ei engasjert og inkluderande leiargruppe
  • gode og faglig dyktige kollegaer
  • spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • moglegheita til å være med på å utvikle tenesteområdet saman med engasjerte medarbeidarar og avdelingsleiarar
  • moglegheita til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • konkurransedyktig løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24