Vang kommune med sine 1600 innbyggarar ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Vang kyrkjelege fellesråd har si verksemd i 4 sokn, med 6 kyrkjer og 4 gravplassar.
Kyrkjeverja har personalansvar for 13 store og små stillingar, og har god relasjon til Vang kommune. Dette samarbeidet er nedfelt i ei tenesteytingsavtale. Kyrkjeverja svarar til Fellesrådet og samarbeider med sokneprest, prost og andre kyrkjeverjer i Valdres.
Arbeidsoppgåver
- Kyrkjeverja har overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar.
- Kyrkjeverja skal sørge for at verksemda vert dreven ihht lov og avtaleverk, dvs HMS, økonomi og leiaransvar.
- Kyrkjeverja er i tillegg saksbehandlar og sekretær for fellesråd, fire sokneråd og administrasjonsutval. Vang kommune bruker nynorsk.
Kvalifikasjonar
- Me treng ein person med leiar og økonomierfaring, som har digital kompetanse og som viser vilje til vidareutdanning der evt. kompetanse manglar.
- Du må være medlem av DNK.
- Me ønsker oss at kyrkjeverja bidreg til utvikling av kyrkja inn i ei ny tid og samstundes viser forståelse og engasjement for kulturarven.
- Personleg egnethet og relevant Utdanning vil bli vektlagt.
Har du spørsmål, kontakt noverande kyrkjerverje Guro Hovda på tel 41265178
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!