Frist utløpt

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der elevens læring og utvikling står i sentrum. Vi har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Skulen har integrert SMART-oppvekst i sin skulekvardag. Vi søkjer etter deg som er fagleg sterk og engasjert lærar, og som brenn for elevane si læring og trivsel!

For skuleåret 2023/24 har vi ledig: 

  • 2 x 100 % vikariat tom 31.07.24 med mogleg forlenging. Fordel med spesialpedaogogisk vidareutdanning

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter. 

Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg. 
Vi ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.
Det kan bli aktuelt med prøveundervisning som del av vurderingsgrunnlaget i rekrutteringsprosessen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og lede elevens læring, individuelt og i team
  • Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
  • Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
  • Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
  • Fordel med spesialpedagogisk vidareutdanning
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Fleksibel, positiv og løysingsorientert
  • Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
  • Tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande team
  • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24