Frist utløpt

Vang kommune har ledig læreplass som barne- og ungdomsarbeidar i frå hausten 2023.
Vi har ein ledig lærlingplass igjen i etat for Utdanning og kultur. Som lærling hjå oss vil du få arbeidserfaring frå både barnehage og skule. 

Lærlingar har rettigheitar og plikter som andre arbeidstakarar. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring på arbeidsplass går du opp til ei fagprøve.

 

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsstadar

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du etter endt utdanning og læretid kunne få arbeid i til dømes; barnehager,  skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.

Sentrale arbeidsområde for barne- og ungdomsarbeidar er:
I opplæringa vert det lagt tilrette for varierte arbeidsoppgåver og saman med din rettleiar skal du ta del i:

  • planlegging, ledelse, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktiviteter for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkeltes funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruk av forming, sang, lek, musikk, litteratur og drama i daglige arbeid
  • kommunikasjon med mennesker med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, foresatte, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og å være ein tydeleg vaksenmodell

Barne- og ungdomsarbeidaren vil og få kunnskap om mennesker og om kva som påverkar menneskers atferd og livssituasjon.

Kvalifikasjonar

Du er velkommen til å søkje læreplass i Vang kommune om du tilfredsstiller desse krava:

  • har fullført VG1 Helse- og oppvekstfag og VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • har god ordenskarakter
  • har lite fråvær
  • er motivert

Ved tilsetting må politiattest leggast fram.

Personlege eigenskapar

  • Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere genuint interessert i å arbeide med barn og ungdom.
  • Du vil under læretida di, saman med din rettleiar, legge eit godt grunnlag for å bli ein tydeleg vaksenmodell. Opplæringa skal og bidra til å utvikle evne til kommunikasjon og samhandling med barn, unge og foresatte.
  • Me ynskjer at du er åpen, fleksibel, samarbeidsvillig, sjølvstendig og ansvarsbevisst. 

Vi tilbyr

Som lærling i Vang kommune får du:

  • midlertidig tilsetting i Vang kommune i to år
  • løn under utdanning etter KS tariff
  • delta på interne og eksterne kurs
  • personleg rettleiing av kvalifiserte instruktørar/rettleiar
  • hjelp til jobbsøk
  • eit hyggeleg læringsmiljø

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24