Frist utløpt

Vang kommune har ledig læreplass som barne- og ungdomsarbeidar frå hausten 2024, ved etat for Utdanning og kultur. 
Som lærling hjå oss vil du få arbeidserfaring frå både barnehage og skule. 

Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring på arbeidsplass går du opp til ei fagprøve.

 

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsstadar
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du etter endt utdanning og læretid kunne få arbeid i til dømes; barnehager,  skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar mm.

Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt og vil få arbeidserfaring frå fleire arbeidsstadar i kommunen. Lærlingar har rettigheiter og plikter som andre arbeidstakarar. Du har rett til å få den opplæringa som læreplanen fastset, og plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid.

Sentrale arbeidsområde for barne- og ungdomsarbeidar er:
I opplæringa vert det lagt tilrette for varierte arbeidsoppgåver og saman med din rettleiar skal du ta del i:

  • planlegging, ledelse, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktiviteter for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkeltes funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruk av forming, sang, lek, musikk, litteratur og drama i daglige arbeid
  • kommunikasjon med mennesker med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, foresatte, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og å være ein tydeleg vaksenmodell

Barne- og ungdomsarbeidaren vil og få kunnskap om mennesker og om kva som påverkar menneskers atferd og livssituasjon.

Kvalifikasjonar

Du er velkommen til å søkje læreplass i Vang kommune om du tilfredsstiller desse krava:

  • Har fullført VG1 og VG2 innan relevant lærefag, eller bestått innan oppmelding til fagprøve
  • Er motivert
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Karakterar og fråvær vil inngå i vurderinga, men er ikkje aleine avgjerande for om du får læreplass

Ved tilsetting må politiattest leggast fram.

Personlege eigenskapar

  • Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere genuint interessert i å arbeide med barn og ungdom.
  • Du vil under læretida di, saman med din rettleiar, legge eit godt grunnlag for å bli ein tydeleg vaksenmodell. Opplæringa skal og bidra til å utvikle evne til kommunikasjon og samhandling med barn, unge og foresatte.
  • Du har gode haldningar til folk, faget og til samarbeid
  • Du er ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • Me ynskjer også at du er åpen, fleksibel, samarbeidsvillig, sjølvstendig og ansvarsbevisst. 

Vi tilbyr

Som lærling i Vang kommune får du:

  • Midlertidig tilsetting i Vang kommune i to år
  • Løn som lærling etter KS tariff
  • Gode og inkluderande fagmiljø
  • Delta på interne og eksterne kurs
  • Personleg rettleiing av kvalifiserte instruktørar/rettleiar
  • Hjelp til jobbsøk
  • Eit hyggeleg læringsmiljø

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24